Kva inneber det å vere KIT-rettleiar?

En viktig del av kvalitetssikringa av terapimetoden og ikkje minst for å bygge et støttande miljø for implementering og fagutvikling er månadlege veiledningsgruppar. Dyktige og erfarne veiledarar er helt uunnverleg for å få dette til.

Kvar rettleiingsgruppe på maksimum 6 KIT-terapeutar skal ha to rettleiarar. Det er viktig å sikre kompetanse både på psykose og traumebehandling hos rettleiarane, og ofte vil dei to rettleiarane utfylle kvarandre. Det er både fysiske og digitale rettleiingsgrupper.

KIT-rettleiar skal kunne få særleg kompetansesøkjande kurs på rekninga for prosjektet, og får 2 timars rettleiing frå internasjonale ekspertar i månaden. KIT-rettleiarar treng ikkje å ha full rettleiingsutdanning eller lisensiering ift. EMDR eller TF-CBT.

Det blir tilrådd at KIT-rettleiarar møtest jamleg for samkøyring og miljøbygging. Alle KIT-rettleiarar skal kunne nå nasjonale og/eller lokal prosjektleiar omgåande.

Gruppebilde av KIT rettleiarar og prosjektleiar
  EMDR-rettleiarar, internasjonale rettleiarar og prosjektleiarar i KIT  

 

Sist oppdatert 26.06.2024