Gunnhild Eldhuset Hoprekstad disputerer 6. februar 2026
Gunnhild Eldhuset Hoprekstad disputerer 6.2.2026 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Inflammation in schizophrenia spectrum disorders“.

Schizofreni inneber symptom som spenner frå hallusinasjonar og vrangførestillingar til manglande initiativ, angst og merksemdvanskar. Depresjon og sjølvmordstankar forverra livskvalitet og auka dødelegheit. Endringar i immunsystemet kan koplast både til schizofreni og depresjon.
Hoprekstad har forska på moglege samanhengar mellom immunmarkørar i blodet (cytokiner) og symptom ved schizofreni med data frå ein samanlikningsstudie av tre atypiske antipsykotikum der studiedeltakarane hadde schizofreni (Best intro). I tillegg har data frå ein pilotstudie (NorPEPS) blitt undersøkt, der ein kur med betennelsesdempande medisin, prednisolon, vart gitt som tilleggsbehandling ved psykose.
Hoprekstad viser at menneske med schizofreni har ulik grad av depresjon i akutt, psykotisk fase. Tidleg oppdaging og betre behandling av depresjon er avgjerande, og behandlarar bør vera årvakne for samtidig depresjon når pasientar blir innlagde for psykose. I prednisolon-studien fann ein at det var trygt å bruka prednisolon for pasientane, sjølv i akuttfasen av schizofreni, og at immundempande behandling med betennelsesdempande medisin gir ein reduksjon i psykose-symptom, trass i få deltakarar i studien.
Personalia
Gunnhild Eldhuset Hoprekstad er lege og spesialist i psykiatri med interesse for psykosomatiske problemstillingar og immunopsykiatri. Doktorgradsarbeidet er gjennomført ved Forskningsavdelingen i Divisjon Psykisk Helsevern, Helse Bergen og Klinisk Institutt 1, UiB. Hovudrettleiar har vore professor Rune A. Kroken, med professor Erik Johnsen, professor Silje Skrede, og professor emeritus Ole Bernt Fasmer som medrettleiarar.
Prøveforelesning fredag 06. februar 2026 kl. 10.15, Auditorium, Armauer Hansens Hus, Haukelandsveien 28
Emne: «Biomarkørar for alvorlege psykiske lidingar: status, kriterium og potensial»
Disputas fredag 06. februar 2026 kl. 12.15
Tittelen: “Inflammation in schizophrenia spectrum disorders”
Opponent: Universitetslektor Mats Humble, Örebro Universitet, Sverige
Opponent: Førsteamanuensis Marit Haram, Universitetet i Oslo
Medlem av komiteen: Professor Line Iden Berge, Universitetet i Bergen
Disputasen blir leidd av professor Irene Bircow Elgen, og er ope for alle interesserte.