Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jubileum og fellesskap på Kronstad DPS

Markering av Verdensdagen for psykisk helse

Helse Bergen har markert Verdsdagen for psykisk helse fleire stader – både på Kronstad DPS, Psykiatrisk klinikk (Sandviken) og i Glasblokkene. Årets tema, psykisk beredskap, har stått sentralt i alle arrangementa.

Publisert 22.10.2025
En gruppe personer i et rom
Divisjonsdirektør Randi-Luise Møgster roste Kronstad DPS for engasjementet sitt for psykisk helse gjennom med robust brukarerfaring, Psykiatrialliansen og Erfaringskafeen. Foto: Farivar Fathian

Arranngementet vart leidd av erfaringskonsulent Solveig Bartun Rob. Programmet inneheldt mellom anna trappeløp, fotballkamp, matservering, utstillingar og helsingar. I tillegg framførte Solveig Konstanse Algrøy eit underhaldande innslag.

Bartun Rob fortalde at Erfaringskafeen har utvikla seg til å bli ein base for erfaringskompetanse.  
Ho takka vidare alle erfaringskonsulentane  som har drive Erfaringskafeen, eit varmt og inkluderande møtestad på Kronstad DPS. Ho også takka Psykiatrialliansen, som bidreg til tilhøyrsel og meistring for brukarane våre. 

Direktør for divisjon psykisk helsevern Randi-Luise Møgster heldt ei rosande helsing. Møgster sa at saman har dei skapt ein stad der folk kan møtast uformelt – på tvers av roller og bakgrunn.
Her blir kontaktar knytte, folk blir kjende og mange får nye venner. Me har kafé kvar veike, og talet på deltakarar på kafeen har auka kvart år. Me trur fellesskap og sosial tilhøyrsel er ein viktig del av det å ha det betra psykisk – her kan me styrkja den psykiske beredskapen vår, sa ho.
Bergens ordførar, Marit Warncke, deltok også i markeringa. Ho sa at ho kjende på varme og god atmosfære på Kronstad DPS. Her kan alle komma som dei er. Her er både frivillige, profesjonelle og brukarar likeverdige og velkomne, sa Warncke. 
Det vart også moglegheit til å halda stand gjennom heile harrangementet, der Bergen Psykoseforskningsgruppe (BPRG) fekk presentera dei 3 aktive forskingsprosjekta sine, Treningsterapi for psykiske lidingar- prosjektet, STABIL-NOR og KIT prosjekta.

En gruppe mennesker som står rundt et bord
Bergen-ordførar Marit Warncke lyttar entusiastisk på forskingsaktivitetar ved Bergen psykoseforskingsgruppe (BPRG). Frå venstre Egil Anders Haugen, Farivar Fathian, Oda Djupevåg og Kristine Hovland.