Spennende nytt naboskap

Forskere fra tre Mohn-støttede forskningssentre blir snart naboer i BB-bygget i forbindelse med opprettelsen av et nytt stamcellelaboratorium.

Publisert 05.09.2024
Sist oppdatert 23.09.2024
En person som holder en presentasjon
Mohn Synergy Symposium- fotograf: Farivar Fathian

På "Mohn Synergy Symposium" førre veke fekk dei moglegheita til å bli betre kjent og diskutera framtidige samarbeidsmoglegheiter.

 

I haust vil forskarar frå Mohn forskingssenter for regenerativ medisin (MRCRM), Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP) og Mohn forskingssenter for hjernen (MRCB) ved Universitetet i Bergen og Helsa Bergen komma tettare på kvarandre. Dette skjer i samband med skipinga av Bergen Center for Medical Stem Cell Research i 7 eit. på BB-bygget.

Synergisymposiet er det første i sitt slag, og markerte starten på det som kan bli tettare samarbeid mellom forskarane som alle har fått støtte frå Trond Mohn forskingsstifting, ei stifting som har vore viktig for å støtta forskinga i regionen.

 

Håpar på magi

Vibeke Vold, avdelingssjef ved Forskings- og utviklingsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, uttrykte takksemd for støtta til stiftinga.

-Bidraget til stiftinga gjer det mogleg for oss å prøva ut nye metodar og forbetra forskinga vår. Me er glade for å kunna halda fram dette arbeidet saman.
 

-Som den kjende forfattaren Roald Dahl ein gong sa: "Og framfor alt, sjå med glitrande auge på heile verda rundt deg, for dei største løyndommane er alltid skjulte på dei mest usannsynlege stadene. Dei som ikkje trur på magi, vil aldri finna ho." Dette fangar perfekt ånda av det me er vitne til her i dag. Når dyktige forskarar frå ulike felt samarbeider, kan dei avdekkja skjult magi og skapa noko verkeleg ekstraordinært, sa Vibeke Vold, i helsinga si.
 

Oddveig Åsheim, som er seniorrådgivar ved Trond Mohn forskingsstifting, kom òg med ei helsing følgd av presentasjonar frå kvar av leiarane på dei tre Mohn-sentera. Den opne delen av Synergisymposiet vart avslutta med innlegg frå toppforskarar frå kvart av sentera.

Gode moglegheiter for å styrkja forskinga og utvikla nye behandlingsmetodar

Etter den opne delen av arrangementet på Armauer Hansens Hus var det eit lukka møte med kjernepersonalet frå kvart Mohn-senter. Over god mat og kaffi vart moglegheitene for samarbeid, overlappande interessefelt og eventuelle synergiar mellom dei tre sentera diskuterte. 

 

-Som Oddveig Åsheim frå TMF la vekt på i helsinga si i den opne delen er eit av hovudkriteria for tildeling frå TMF evna til samarbeid. Me er svært glade for at det lukka møtet bar preg av dette. Nye samarbeid og prosjekt spinn lettare vidare når ein kjenner kvarandre litt” seier Elise Aasebø, som saman med Professor Erik Johnsen og seniorforskar Gyrid Nygård var initiativtager til synergisymposiet. Møteleiar under den lukka delen var Gyrid Nygård. -Det var eit veldig hyggjeleg møte. Det var gode innspel frå dei ulike sentera og me har no lagt eit godt grunnlag for vidare diskusjonar. Forhåpentleg kan dette synergisymposiet munna ut i spennande felles forsking mellom dei tre Mohn-sentera. Me gler oss til fortsetjinga, seier ho.

Leiar for MRCRM og medarrangør av symposiet, Einar K. Kristoffersen, er svært positiv:  -Ved å samla forskarar frå ulike fagfelt håpar me å finna nye løysingar som kan komma mange ulike pasientgrupper til gode. Fleire av forskarane som er involverte er allereie ferd med å utvikla lovande cellebaserte terapiar. Samarbeidet mellom dei tre Mohn-sentera og skipinga av "Bergen Center for Medical Stem Cell Research" gir gode moglegheiter for å styrkja forskinga og utvikla nye behandlingsmetodar.
 

Erik Johnsen er leiar for MRCP og forskar på psykoselidingar. Dagens tilgjengelege medisinar behandlar primært symptoma ved desse lidingane, og ikkje dei underliggjande årsakene.
 -I tett dialog med brukarane, og ved å kombinera vårt pasientnære fokus med siste framsteg innan avansert stamcelleforsking, trur eg behandlinga av alvorlege psykiske lidingar kan endra seg markant til det betre i åra som kjem, seier han.

Nyhetssaken er produsert av Thomas Abrahamsen ved Kommunikasjonsavdelingen, HUS.

En gruppe menn som står foran en storskjerm

Fra venstre: Senterledelse for MRCP, MRCRM og MRB: Ketil J. Ødegaad (stedfortreder for Erik Johnsen), Einar K. Kristoffersen og Clive R.A. Bramham
Fotograf: Farivar Fathian