Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NRK reportasje om STABIL-nor

NRK Dagsrevyen den 23.02.2026 hadde ein reportasje om STABIL-nor med intervju av ein prosjektdeltakar, prosjektleiar og erfaringskonsulent.

Publisert 05.03.2026

NRK dagsrevyen hadde den 23. februar 2026 ein reportasje om STABIL-nor studie, der både ein av prosjektdeltakarane, prosjektleiar professor/overlege Rune A. Kroken og erfaringskonsulent Oda Djupevåg vart intervjua. 

I reportasjen deler prosjektdeltakar frå sin sjukdomerfaring og medikamentbivirkning, og håpar at deltakinga hans kan bidra til betre helsehjelp til psykosepasientar. Djupevåg stadfestar stor vektauke som biverknad av antipsykotisk medikasjon som ei ekstra belastning. Kroken håpar at forskinga vil gjera det mogleg å få refundert vektreduserande medikament, når medisinar mot psykose gir vektauke som biverknad. Forskingsgruppa håpar at vektredusernede medikament Wegovy kan betre både somatiske og psykiske tilstanden, også betring av kognitive vanskar (problemløysing, minne og merksemd) som pasientar med psykoselidingar ofte slit med.

Les meir om dette her:

Vil gje slanke­medisinen Wegovy til psykisk sjuke – trur det kan hjelpe med vekt og mental helse – NRK Vestland