Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykoselidelser- kva veit me om?

Bioteknologirådet, frokostmøte 1. oktober 2025

Bioteknologirådet inviterer til frukostmøte om psykoselidingar, behandling og arvelegheit. Kan persontilpassa medisin gi betre behandling?

Publisert 30.09.2025

I dette foredraget vil professor og klinikkoverlege Erik Johnsen fortelja oss om kva me veit i dag om kvifor nokon utviklar psykoselidingar, kor mykje me veit om arvelegheit og kvifor nokon har god effekt av dei medisinske behandlingsformene me har tilgjengeleg i dag, medan andre ikkje har det. Kan betre persontilpassa medisinbehandling vera ei løysing for eit betre behandlingstilbod?

Erik Johnsen er professor i psykiatri ved Universitet i Bergen og klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus. Erik er leiar av Bergen Psykoseforskningsgruppe og senterleiar ved Mohn forskingssenter for psykoselidingar.

Møtet er ope for alle (gratis) og vil bli strøymt. Det blir tilbode lett servering.

Tid: kl 08.30-09.10 onsdag 1. oktober