Praksisvariasjon: Behandling med antipsykotika
Behandling av psykose er langt frå standardisert – nokre pasientar får mykje medisin, andre lite eller ingenting. Korleis påverkar desse forskjellane utfalla for pasientane?
Om prosjektet
Prosjektperiode: 2018-2029
Antipsykotika er eit sentralt element i behandlinga av psykoselidingar i Noreg, med føremål om å redusere symptom som vrangførestillingar, hallusinasjonar og alvorleg uro. Trass i veldokumenterte positive effektar på gruppenivå, finst det stor variasjon i både effekt og biverknader på individnivå. Nokre pasientar opplever god symptomlette, medan andre får mindre nytte eller til og med forverring.
Det er særleg avgrensa kunnskap om langtidsbruken av antipsykotika – kven som kan trappe ned utan stor risiko for tilbakefall, og kva effektar og biverknader som oppstår ved langvarig bruk. Det manglar òg forsking på alternative behandlingsstrategiar, som å gjennomføre behandling utan antipsykotika, og korleis dette samanliknar seg med vanleg behandling.
Ved å nytte praksisvariasjon som eit naturleg eksperiment, kan prosjektet undersøkje kva for praksisar som gir dei beste prognosane for pasientane. Dette er spesielt verdifullt ettersom tradisjonelle randomiserte kontrollerte studiar ofte er urealistiske grunna etiske og praktiske utfordringar.
Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet - HELSEVEL - Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester - #326407
Godkjenning: REK #2017/2436