Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arbeidsmetode

Senter for populasjonshelse arbeider etter prinsipp som set røyndom, mangfald og metodologisk ryggrad i sentrum. Her kan du lesa meir om kva som pregar måten vi tenkjer og arbeider på.

Arbeidsmetode ved Senter for populasjonshelse

Senter for populasjonshelse driv forsking som skal vera relevant – ikkje berre for vitskapen, men for menneska det gjeld. Det pregar korleis vi arbeider, frå korleis vi stiller forskingsspørsmåla våre til korleis vi formar samarbeid og tolkar funn.

Eit kjerneelement i arbeidsmetoden vår er eit breitt syn på kva slags erfaring som er relevant i forsking. Vi tek utgangspunkt i Killackeys 4L-rammeverk, publisert i The Lancet Psychiatry i 2023, som skil mellom fire typar erfaring: lived (eigen røynsle med psykisk liding), loved (røynsla til pårørande og omsorgspersonar), laboured (yrkeserfaring frå arbeid med folk som har psykisk liding) og learned (vitskapeleg og fagleg kunnskap gjennom utdanning og forsking). Rammeverket er utvikla for å motverka tokenistisk brukarmedverknad, og byggjer på ideen om at ulike former for røynsle utfyller kvarandre og til saman styrker kvaliteten på og relevansen av forskinga. For oss fungerer dette som eit DNA i arbeidsmetoden: vi søker aktivt å trekkja inn alle fire erfaringsdimensjonane i utforminga og gjennomføringa av prosjekta våre, og vi ser desse perspektiva som likeverdige bidrag – ikkje som hierarkisk rangerte innspel.

Eit anna kjenneteikn ved arbeidet vårt er at vi ikkje viker unna fagleg usemje – vi nyttar han konstruktivt. Vi arbeider med adversarial collaboration, ein forskingsmodell der forskarar som er usamde om eit empirisk spørsmål, går saman om å utforma og gjennomføra ein studie som kan avgjera, eller i det minste presisera, kva ueinigskapen eigentleg handlar om. Omgrepet er særleg knytt til Daniel Kahneman, som argumenterte for at dette er ein meir produktiv måte å handtera vitskapleg usemje på enn den vanlege syklusen av kritikk og tilsvar i tidsskrift – der partane sjeldan endrar standpunkt. Kjernen i modellen er at partane på førehand blir samde om kva som skal testast, kva metodar og analysar som skal brukast, og kva utfall som vil støtta den eine eller den andre posisjonen. Ofte er ein nøytral tredjepart involver som megler eller "arbiter". Resultata vert publiserte i fellesskap, gjerne med separate kommentarar der kvar part tolkar funna. Poenget er å disiplinera usemja metodologisk: Når begge partar har godkjent designet før data ligg føre, kan ingen i etterkant avvisa resultata som metodisk svake eller skeivt utforma. Det reduserer rommet for motivert resonnering og det Kahneman kalla angry science. Modellen har fått fornya aktualitet med replikasjonskrisen og framveksten av preregistrering, som deler mykje av den same logikken. Erfaringa er at adversarial collaborations sjeldan endar med at nokon kapitulerer, men dei produserer ofte meir presise avgrensingar av kva usemja faktisk består i – og data begge leirar må forhalde seg til.

Til saman speglar desse arbeidsformene ein ambisjon om forsking som er open, modig og forankra i verkelege liv.

Meir om desse arbeidsmetodane kan lesast i referansane nedanfor: 

Mellers, B., Hertwig, R., & Kahneman, D. (2001). Do Frequency Representations Eliminate Conjunction Effects? An Exercise in Adversarial Collaboration. Psychological Science, 12(4), 269-275.

Kahneman, D. (2003). Experiences of collaborative research. American Psychologist, 58(9), 723–730.

Kahneman, D., & Klein, G. (2009). Conditions for intuitive expertise: A failure to disagree. American Psychologist, 64(6), 515–526.

Clark, C. J., Costello, T., Mitchell, G., & Tetlock, P. E. (2022). Keep your enemies close: Adversarial collaborations will improve behavioral science. Journal of Applied Research in Memory and Cognition, 11(1), 1–18.

Latham, G. P., Erez, M., & Locke, E. A. (1988). Resolving scientific disputes by the joint design of crucial experiments by the antagonists: Application to the Erez–Latham dispute regarding participation in goal setting. Journal of Applied Psychology, 73(4), 753–772

Sist oppdatert 15.06.2026