Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

BeSt InTro

Bergen-Stavanger-Innsbruck-Trondheim (BeSt InTro) Studie

Best Intro studie har for første gong samanlikna førstelinje antipsykotiske legemiddel AMISULPRIDE, ARIPIPRAZOL og OLANZAPINE head-to-head i ein pragmatisk, vurderer-blind, randomisert studie med oppfølginga til 1-år. Pasientar med symptom på akutt psykose i schizofrenispekteret vart rekruttert fortløpande frå nedslagsfelta til Helse Bergen, Stavanger, Medizinische Universität, Innsbruck og Trondheim, og vart følgt opp opp med gjentekne vurderingar. Dei viktigaste kliniske måla har vore å samanlikna antipsykotisk effektivitet og biverknader under normale kliniske omstende for å fastslå kva middel som bør vera det føretrekte middelet. Vidare vart det utført undersøking av dei distinkt ulike reseptoraffinitetane til legemidla ein translasjonstilnærming der medikamentseffektar på molekylære, hjernefunksjonelle og -strukturelle nivå vart undersøkte i DNA/RNA-analysar og magnetisk resonansavbilding (MRI). Desse grunnleggjande effektane kan vera korrelerte med spesifikke kliniske symptom og biverknader på jakt etter kritiske biologiske substrat for psykose og medikamentseffektar. Ein betydeleg del av pasientane har vore medikamentnaive ved baseline, noko som gjorde både før- og etterbehandlingsundersøkingar moglege.

Sist oppdatert 09.06.2025