The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study - NorPEPS
Prosjektet skal gi kunnskap om tilleggsbehandling med eit betennelsesdempandelegemiddel – Prednisolon – kan føra til større og raskare symptombetring på kort sikt hos mennesker i tidleg fase av ei psykoseliding, og betre fungering på lengre sikt.
Prosjektet gi kunnskap om tilleggsbehandling med eit betennelsesdempandelegemiddel – Prednisolon – kan føra til større og raskare symptombetring på kort sikt hos mennesker i tidleg fase av ei psykoseliding, og betre fungering på lengre sikt. Videre gi kunnskap om gen og betennelsesfaktorar som har noko å seia for psykoselidingar og behandlingseffekt, og dessutan kven som kan ha nytte av betennelsesdempande behandling.
Studien inneber tablettbehandling med *Prednisolon eller uverksamt legemiddel (placebo) som ein kur over 6 veker. Denne tablettbehandlinga skal vera i tillegg antipsykotisk medisin som allereie deltakarane bruker. Halvparten får Prednisolon og halvparten placebo basert på loddtrekking. Tablettane vil sjå heilt like ut og ingen skal vita kven som har fått prednisolon eller placebo før studien er ferdig, det vil seia at studien er dobbelt-blind. I tillegg skal forskinga skaffa ny kunnskap om samanhengar mellombetennelsesreaksjonar, symptom og sjukdomsmekanismar ved psykose.