Ny Bergens-basert satsing innan stamcelleforsking på psykoselidingar
Psykoselidingar rammar millionar av menneske verda over. Pasientar med liknande symptom kan oppleva ulik effekt av den same medisinen. Medan nokre oppnår god verknad, har andre liten eller ingen respons. Forskarar ved Haukeland universitetssjukehus jobbar med å finna ut kvifor. For fyrste gong i Helse Bergen tek dei i bruk avanserte stamcellemodellar ved psykoselidingar, og dei fortel no om dette arbeidet i ein ny film.

I Bergen har det vakse fram eit svært sterkt psykoseforskingsmiljø leia av klinikkoverlege og professor Erik Johnsen. Han høyrer til Forskingsavdelinga ved Divisjon for Psykisk Helsevern ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS), der han leiar Bergen Psykoseforskingsgruppe (BPRG) og Mohn Forskningssenter for psykoselidelser (MRCP). Saman med nasjonale og internasjonale partnarar i toppsjiktet forskar han på psykoselidingar frå fleire ulike vinklar.
Dei siste åra har dei tatt i bruk avanserte stamcellemodellar. Den rivande utviklinga innanfor stamcellefeltet mogleggjer no at ein kan ta blodprøver frå pasientar, gjera nokre av blodcellene om til stamceller og så gjera desse stamcellene om til ulike typar hjerneceller. Desse kan dyrkast i laboratoriet som små modellar av dei ulike pasientane sine hjernar over lang tid. Desse modellane vert kalla hjerneorganoider.
- Per i dag har vi ikkje noko kur for psykoselidingar, då medisinane vi har ikkje verkar på alle symptoma, fortel Erik Johnsen.
- Sjølve årsakene til at nokre utviklar psykose, inkludert dei såkalla biologiske mekanismane, er framleis stort sett ukjende. Vidare er det slik at det ser ut til at ulike mekanismar spelar inn hjå ulike pasientar. Ikkje alle pasientane responderer godt på medisinane vi har i dag, og nokre opplever dessutan store bi-verknader. Det er difor eit stort behov for både meir kunnskap og betre medisinar, og hjerneorganoidane er eit særs verdifylt verktøy for å freista å dekkja dette behovet, undertrekar Johnsen.
Erik Johnsen fortel meir om dette i filmen, der vi òg møter Oda Jensen som gir oss eit innblikk i korleis det er å leva med ei psykoseliding. I dag er Oda erfaringskonsulent ved Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK), som er ein integrert del av BPRG og MRCP.
I filmen møter vi óg seniorforskarane og fyrsteamanuensane Sadaf Ghorbani og Novin Balafkan. Med støtte frå Trond Mohn Forskningsstiftelse, Universitetet i Bergen (UiB) og HUS har dei vore på utveksling frå BPRG til Yale University i USA i fleire år. Der fekk dei vera del av laboratoriet til professor Kristen Brennand, ei av dei beste i verda på hjerneorganoidar. Kunnskapen og erfaringane derifrå har dei teke med seg tilbake til Bergen, og dei held no til ved Bergen Senter for Medisinsk Stamcelleforsking. Dette senteret er ei felles satsing frå HUS og Institutt for Klinisk Medisin (K1) og Biomedisin ved UiB. Del av senteret er òg pre-GMP laboratoriet til GMP Ex-vivo fasiliteten ved HUS og i filmen deltek òg Kimberley J. Hatfield som er seksjonsleiar der.
Randi-Luise Møgster, Direktør ved Divisjon psykisk helsevern, fremhevar kor viktig slike samarbeid er:
“Dette er ei satsing som viser styrken i langsiktig samarbeid mellom leiande fagmiljø frå ulike institusjonar. Gjennom å kombinera avanserte metodar som stamcelleteknologi med klinisk og pasientnær forsking, kan vi betre forstå dei komplekse mekanismane bak psykoselidingar. Håpet er at kunnskapen vi utviklar på sikt kan danna grunnlag for betre diagnostikk og meir treffsikker behandling av pasientane våre. "