Psykoseforskning med erfaringskompetanse (PEK)

Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) er eit spesialisert brukarråd beståande av personar med eigenerfaring og pårørandeerfaring med psykoselidingar. Me er ein del av Bergen Psychosis Research Group (BPRG) og er per i dag finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP).

Foto av en gruppe mennesker
Medlemmane i brukarrådet Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK)

Brukermedvirkning i forsking kan vera viktig for at forskinga skal bli meir relevant for pasientane eller brukarane av behandlinga som blir undersøkt. Det kan vera med å gi andre perspektiv på korleis resultata kan forståast, eller å bidra med å gjera gjennomføringa mindre belastande for dei som deltek i forskinga.


Medan brukarmedverknad i tenestene ofte handlar om å finna andre svar, handlar brukarmedverknad i forsking kanskje heller om å stilla andre spørsmål. Ei god og reell form for brukarmedverknad krev ein gjensidig vilje mellom medverkar og forskar til å la seg påverka av kvarandre. Det krev trygge rammer for begge partar.

Kva er PEK?

Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) er eit spesialisert brukarråd beståande av personar med eigenerfaring og pårørandeerfaring med psykoselidingar. Me er ein del av Bergen Psychosis Research Group (BPRG) og er per i dag finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP). Me har møte på ettermiddag éin gong i månaden og held til i Forskningsavdelingens lokale ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken.
Møta kan innehalda både forskingsprosjekt til diskusjon og generell opplæring for å betre kunne forstå forskingsprosessar. Me har òg felles halvdagsseminar med forskargruppa med tema relatert til brukarmedverknad éin gong per semester. I tillegg får medlemmene tilgang til vekefaste forskingsmøte og dekt utgifter til fagdagar eller konferansar i regi av avdelinga. All møteverksemd der det blir forventa at medlemmene skal bidra, skal honorerast etter Helse Bergens satsar for brukermedvirkere.

Illustrasjon med en menneskefigur med puslespillbit som øye

 

Korleis få til samarbeid med PEK?

Det at me har fastlagde møte som allereie er finansierte gjer at me er tilgjengeleg til å diskutera prosjekt før midlar er på plass. Det gjer det mogleg for oss til å kunna bidra i startfasen av prosessen. Til søknader om midlar, ønskjer me oss uferdige prosjektskisser. Desto meir gjennomarbeidde og ferdigstilte prosjektprotokollar, desto mindre kan me bidra med og desto mindre reell er medverknaden.
Om du har ein idé du ønskjer å drøfta med PEK, ta kontakt med leiar på e-post. Sjå kontaktinformasjon under. Me ser helst at du deltek fysisk på møta. Det betrar kommunikasjonen, men me har tilrettelagt for digitale framlegg om ikkje anna lèt seg gjera til dømes på grunn av avstandar.


Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.


Kontakt

Leiar: Anne Alnes Blindheim: anne.alnes.blindheim@helse-bergen.no
Telefon: 948 62 144
Nestleiar: Oda Djupevåg: oda.djupevag@helse-bergen.no

 

Sist oppdatert 25.11.2024