Bergensforskar med på viktig gjennombrot om nevropsykiatriske lidingar
Sadaf Ghorbani er del av eit internasjonalt forskarteam med banebrytande funn om nevropsykiatriske lidingar. Funna er no publiserte i Nature, og kan gi verdifull innsikt i utviklinga av ny medisin.

Nyheitssaka er laga av Gyrid Nygård og Elise Aasebø.
Banebrytande bruk av stamcellemodellar
SadafGhorbani har i fleire år samarbeidd med forskarar i USA for å studera såkalla NRXN1-mutasjonar. Desse mutasjonane kodar for eit viktig protein som påverkar signala i hjernen. Mutasjonar i dette genet er assosierte med ei rekkje nevropsykiatriske lidingar, inkludert schizofreni. Ved å nytta avanserte stamcellemodellar har Ghorbani og kollegaene hennar i USA vist at NRXN1-mutasjonar både kan redusera og auka synaptisk aktivitet, og at dette er avhengig av typen hjernecelle.
Håp om eit paradigmeskifte innan nevropsykiatrisk behandling
– Forskinga vår gir håp om meir målretta behandling av nevropsykiatriske lidingar, seier Ghorbani.
– I studien vår viser me korleis mutasjonar i NRXN1-genet kan ha motsette effektar avhengig av celletypen – i nokre tilfelle svekkesaktiviteten mellom nervecellene, medan dei i andre tilfelle blir forsterka.
Prosjektleiar i Bergen, overlege i Divisjon psykiske helsevern ved HUS og professor ved UiB Erik Johnsen, stemmer i;
– Dagens nevropsykiatriske medisinar er i stor grad retta mot symptomlindring, men desse funna kan bane veg for nye behandlingsmetodar som adresserer nokre av årsakene til desse tilstandane. Dette kan føra til eit paradigmeskifte innan nevropsykiatrisk behandling – der medisinar ikkje berre handterer symptom, men faktisk bidreg til ein kur.

Foto: Gyrid Nygård
Internasjonalt samarbeid styrkjer forskinga
Ghorbani er no på eit forskingsopphald ved Yale University som vart mogleggjort gjennom finansiering frå Trond Mohn forskingsstifting i samarbeid med HUS og UiB. Randi-Luise Møgster, direktør ved Divisjon psykisk helsevern ved HUS, framhevar betydninga av slike partnarskapar:
– Forsking er ei av kjerneoppgåvene til Haukeland universitetssjukehus, og denne studien illustrerer korleis forskingsmobilitet styrkjer kvaliteten på arbeidet vårt. Samarbeid mellom institusjonar gir tilgang til unike ressursar og perspektiv som mogleggjer viktige framsteg, og som kan føra til betre og meir presis behandling av pasientane våre.