Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

REPS - reinnleggingar for pasientar med schizofreni

REPS er eit underprosjekt av SIPEA-studien, og i dette prosjektet følgast pasientar med schizofreni-diagnose mellom utskriving frå sjukehuset til ei eventuell reinnlegging.

​Vi undersøker samanhengen mellom den behandlinga pasientane får og tendens til å bli reinnlagt i sjukehus. Dei faktorar som er viktige predikatorar for reinnlegging kan delast inn i pasientrelaterte faktorar og behandlingsrelaterte faktrorar.

Dei pasientrelaterte faktorane er for eksempel kjønn, alder ved sjukdomsdebut, antall tidlegare innleggingar i sjukehuset, komorbid rusliding osv.

Dei behandlingsrelaterte faktorane som blir undersøkt i studien er behandlingsperiodar med antipsykotika, periodar med poliklinisk behandling og døgnbehandling i DPS.

Prosjektet er inne i sluttfasen av datainnsamling og planlegging av analyser, og vil bli sluttført i 2010.

Prosjektet er ein del av overlege Rune A. Krokens doktorgradsprosjekt, med hovudrettleiing frå Hugo A. Jørgensen, birettleiing Erik Johnsen og professor Torleif Ruud (Aker). Statistikar Tore Wentzel-Larsen frå Kompetansesenter for klinisk forsking er medarbeidar for statistikkdelen av prosjektet, og stipendiat Liv Mellesdal er samarbeidspartnar i REPS.​

Sist oppdatert 24.04.2024