Eksteriør Kronstad DPS og inngangsparti. Foto

Kronstad allmennpoliklinikkar

Ved Kronstad DPS er det to poliklinikkar innan fagområdet allmennpsykiatri. Ved begge poliklinikkane vert det gitt tilbod om utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Informasjon til tilvisande lege eller psykolog

Tilvising til poliklinikk bør innehalde informasjon om følgjande:

  • Aktuell problemstilling, sjukehistorie og eventuelle diagnosar.
  • Somatisk status.
  • Tidlegare behandling og tiltak, samt resultat av desse.
  • Pasienten sine ressursar, mål og motivasjon for behandling.
  • Informasjon om livssituasjon, familie, arbeid / skule mv.

 
Tilvisingar vert vurderte kvar veke. Skriftleg tilbakemelding til pasient og fastlege vert som hovudregel gitt innan 10 yrkedagar frå tilvisinga er motteken.
I vurdering av tilvisingar vert det alltid tatt omsyn til i kva grad det hastar og kor alvorleg situasjonen er for pasienten, - jfr Pasientforskriften.

Behandlingstilbod

Pasientar som vert vurderte til å ha «rett til nødvendig helsehjelp» i spesialisthelsetenesta, vert først kalla inn til vurdering. Etter vurderinga vert det avklart kva tilbod pasienten skal få vidare.

Ved poliklinikkane vert det gitt tilbod om medikamentell behandling og ulike samtaleterapiar, som psykodynamisk terapi, kognitiv åtferdsterapi samt spesialisert traumebehandling. Behandlinga vert gjennomført både individuelt og i grupper.
I behandlinga samarbeider ein ofte med fastlegar, NAV, kommunen sine avdelingar for psykisk helse, døgnseksjonar ved sjukehus og DPS, samt andre relevante instansar.
Vi ser på det å redusere symptom og lidingstrykk som viktige element i behandlinga. Målet er å betre pasienten sin funksjon slik at han/ho kan klare seg utan hjelp frå spesialisthelsetenesta. 

Kompetanse

Poliklinikken har tverrfagleg bemanning. Her arbeider psykologspesialistar, psykologar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom og legar i spesialisering. 

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Kronstad DPS Postboks 1400 5020 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Fjøsangerveien 36

Logg inn for å endre time

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

Praktisk informasjon

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient