Forsking ved Kronstad DPS
Etterspurnaden etter psykiske helsetenester er aukande i samfunnet. Vi ønsker å finne ut meir om kva slags utbytt pasientar har av behandlinga ved Kronstad DPS. Du kan bidra ved å delta i forsking hos oss. Følg lenka under for å bli med.
Om Kronstad DPS
Kronstad DPS utgjer ein del av spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern og tilbyr behandling til vaksne personar over 18 år som bur i bydelane Årstad, Ytrebygda og Bergenhus. I tillegg tar Kronstad DPS kvart år imot fleire hundre pasientar etter fritt sjukehusval.
Kven kan delta i studien?
Alle som blir tilvist til allmenpsykiatrisk poliklinisk behandling og som får rett til helsehjelp, blir invitert til å delta. Studien har som mål å samle inn opplysningar frå 2000 pasientar ved Kronstad DPS.
Kva inneber det å delta?
Deltaking inneber å fylle ut digitale spørjeskjema. Ein mottar dei første spørsmåla ca. ei veke før første oppsette time og deretter med jamne mellomrom etter 3, 6, 9, 12 og så 24 månadar. Spørsmåla handlar om behandlinga, kva psykiske plagar ein har og om tilfredsheit med den hjelpa ein får. Studien tar også for seg moglege negative konsekvensar av behandling.
Etikk
Regional etisk komité for medisinsk og helsefagleg forsking (REK) har vurdert og godkjent studien.