Tilvisning
Korleis få hjelp/tilvisning
For å komma i kontakt med oss må du ha tilvising frå fastlege, legevakt eller andre delar av spesialisthelsetenesta
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta, vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga vert gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, prioriteringsforskrifta og ut ifrå informasjon frå prioriteringsrettleiarane frå Helsedirektoratet. Tilvisinga blir vurdert innan maksimalt 10 yrkedagar frå den er mottatt.
Har du rett til helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, blir det satt ein individuell frist for når helsehjelpa seinast skal starte. Samstundes blir det satt opp eit tidspunkt for første samtale innanfor denne fristen. Du får eit brev om dette på helsenorge.no, eller i posten viss du ikkje loggar inn på helsenorge.no.
Viss vi vurderer at tilstanden din ikkje krev behandling i spesialisthelsetenesta, gir vi deg informasjon om andre tilbod som kan vere aktuelle.
Aktuelle lenkjer
Sist oppdatert 26.06.2026