Kva er tvangsliding?

På engelsk blir lidinga kalla Obsessive Compulsive Disorder (OCD). Dei vanlegaste tvangshandlingane er vasking og smitteblokkering, sjekking og kontrollering, telle og orden- /symmetriritual, samt aggressive og seksuelle tvangstankar.

Person vasker hender. Foto

Personane som blir råka veit at det dei tenker eller gjer er «dumt», men dei berre må. Ofte har dei som er ramma av OCD stor skamkjensle og held det mest mogeleg skjult for omgivnadane, derfor kallast lidinga ofte for «den skjulte lidinga». Dei fleste som har ei tvangsliding / OCD har både tvangstankar og tvangshandlingar.

Tvangstankar er gjennomgåande og vedvarande tankar eller tankebilete, impulsar eller fantasiar. Desse tankane tek overhand og vert opplevd som meiningslause. Dei er årsaken til kraftig angst, ubehag, isolasjon og i verste fall funksjonshemming.

Tvangshandlingar ​​​vert utført for å hindre ubehag eller ei frykta hending. Nokon har berre ei kjensle av at dei må gjere ting utan at dei veit kvifor. Desse vert ofte utført som bestemte ritual, i bestemte mønster, og kan for personar som er alvorleg ramma ta enormt med tid.

Det finst hjelp​​

Behandlinga som har vist seg å ha effekt for dei aller fleste pasientane heiter eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) saman med kognitiv terapi.​

Til tross for at dette er ei effektfull behandling, har den vore lite tilgjengeleg for pasientane. Haukeland universitetssjukehus har no eit OCD-team, der personar som lid av tvang kan få utgreiing og tilbod om behandling.​

Behandling ved tvangsliding

Du må bestemme deg på førehand. Inga behandling hjelper om du ikkje sjølv tar eit val om å ville bli kvitt lidinga. Det må vere plass i livet ditt. Skal behandlinga hjelpe, må den føregå på riktig måte og i riktig dosering.
Les meir om kva behandlinga går ut på
En gruppe stoler rundt et bord

Ny behandlingsmetode ved alvorlege angst- og tvangslidinar

Det hender at nokre pasientar med alvorlege plagar har avgrensa effekt av dagens behandling. Denne gruppa representerer store menneskelege lidingar og er ei utfordring for helsevesenet. Fagmiljø og organisasjonar jobbar saman for å finne nye tilnærmingar til forståing og behandling av alvorlege angstlidingar.
Les meir om nye behandlingsmetodar for tvangslidingar
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Sist oppdatert 06.09.2017