Søvnstudien

Sjølv om me har god kunnskap om tvangsliding og behandlinga av denne, veit me fortsatt lite om korleis søvnmønsteret ser ut hos pasienter med ei tvangsliding, om det påverkar behandlingsutfall og om søvnmønsteret endrar seg etter behandling.

Bakgrunn

Sjølv om tvangsliding regnast for å være ein av dei mest invalidiserande psykiske lidingane, veit me lite om sammenfallende søvnproblemer og korleis søvnmønsteret ser ut hos denne gruppa pasientar. Som del av OCD-teamets ordinære kvalitetssikring har me derfor som mål å sjå nærare på førekomsten av søvnproblem hos dei med tvangsliding og om søvnmønsteret endrar seg etter behandling.

Deltaking - måling av søvnmønster før og etter behandling

Alle pasienter i ordinær klinikk blir bede om å svare på eit kort spørjeskjema som målar søvnmønsteret. I tillegg vil pasientar som får behandling hos oss mulighet til å bruke eit søvnarmbånd i løpet av nettene, både før, under og etter behandling. Dette søvnarmbåndet vil gi informasjon om når du søv og korleis du søv. I tillegg vil pasientane ha molegheit til å fylle ut ei søvndagbok i den gjeldende perioden.

Regional Etisk komité for medisinsk og helsefaglig forskning (REK) har vurdert og godkjend innsamling av søvn-data.

Sist oppdatert 06.09.2017