Våre satsingsområde
4-dagarsformatet har vist seg å vere ein effektiv metode for behandling av alvorlege angstlidingar. Vi jobbar vidare med å utvide tilbodet til pasientar over heile landet.
Firedagarsformatet for andre lidelser
No har pasientar med panikkliding og pasienter med sosial angstliding fått behandling i 4-dagarsformatet, og me vil iløpet av 2018 tilby 4-dagarsformatet også for generalisert angstliding. Resultata både for panikkliding og sosial angstliding er svært gode, og behandlinga er sterkt etterspurd av pasientar og pårørande. Det er derfor ei høgt prioritert oppgåve å bygge opp firedagarsteam også for andre angstlidingar.
Firedagarsformatet til barn
OCD-teamet for barn ved BUP Øyane har lenge tilbudt 4-dagersbehandling, og er no i ferd med å lære opp andre team. Kavlifondet har gjeve støtte for å sikre denne spredninga av firedagarsformatet til alle barne- og ungdomsteam, og også til å bygge opp team for behandling av andre angstlidelser hos barn.
Firedagarsformatet nasjonalt og internasjonalt
Det pågår no ei opplæring i 4-dagarsformatet til dei fleste av dei nasjonale OCD-teama, og me gjer vårt fremste for at pasientar over heile landet skal få tilgang til behandling i 4-dagarsformatet, som lenge har vore etterspurd av pasientar og pårørande. Ei rekke klinikkar i utlandet har videre vist interesse for 4-dagersformatet, og ønskjer å kunne tilby dette også til sine pasienter. Foreløpig foregår det opplæring av klinikker i Island, Sverige, Nederland og USA.
Les meir
Kutter ventelister på dugnad - artikkel i Dagens medisin 06.03.17
Angstbehandling spres til utlandet - artikkel i Dagens medisin 21.12.16