Kronstad psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk
Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk er ein seksjon i Kronstad DPS, under fagområdet psykose. Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk blei oppretta i 2011 for å gi eit dag- og gruppebasert tilbod til personar med psykose. Frå hausten 2014 er tilbodet spissa mot unge nysjuke i aldersgruppa 18 til 30 år med psykosesjukdom. Behandlingstilbodet er basert på perspektivet Recovery og eit overordna mål er å hjelpe menneske til å realisere sitt eige potensiale med omsyn til tilfriskning. Med strukturert og individualisert behandling arbeider ein også for å auke evna til å meistre eige liv. Vi ser på det som naudsynt at pasienten er delaktig i planlegging og utforming av si eiga behandling. Det blir arbeidd med dette i tverrfaglege team. I prosessen legg vi vekt på personens erfaringskunnskap.
Kontakt
Telefon
Postadresse
Slik finn du fram
Kronstad
Fjøsangerveien 36
5054 Bergen