Kronstad psykosepoliklinikk/FACT-team

Vi er ein vaksenpsykiatrisk poliklinikk for menneske med langvarig og alvorleg psykisk liding. Opptaksområdet vårt er Bergenhus, Årstad og Ytrebygda som utgjer ca. 80.000 innbyggarar over 18 år. Psykosepoliklinikken ved Kronstad DPS tilbyr spesialisthelsetenester til personar over 18 år som har ei psykoseliding.

Psykosepoliklinikken arbeider etter FACT-modellen. FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment», og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingsteam. 

Oppgåvene til teamet er å: 

  • Tilby poliklinisk og oppsøkande behandling og oppfølging 
  • Følge med på sjukdoms- og symptomutvikling 
  • Gi praktisk hjelp og rettleiing i kvardagen 
  • Arbeide med rehabilitering 
  • Støtte pasientens betringsprosessar 

 

Behandlingstilbodet kan innehelde:  

  • Diagnostisk utgreiing og funksjonskartlegging 
  • Behandling med legemiddel 
  • Familiesamarbeid 
  • Kognitiv terapi 
  • Psykodynamisk psykoterapi 
  • Psykoedukasjon 
  • Oppsøkande eller poliklinisk tilbod etter behov 
  • IPS / oppfølging av jobbspesialist 

 

Ansatte i teamet:

Teamet er tverrfagleg samansette med psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, ergoterapeutar og anna helse- og sosialfagleg personell. 

 

Fleksibel og oppsøkande tilnærming: 

Undersøkingar har vist at ein stor del menneske med alvorlege psykiske lidingar i periodar treng meir intensiv behandling og tettare oppfølging enn det ein ordinær poliklinikk kan tilby. 

Årsaker til dette kan vere endringar i livssituasjon eller behandlingsopplegg, redusert evne til å følge opp anbefalt behandling, endring eller oppblomstring av symptom, auka rusmisbruk eller andre påkjenningar. 

FACT-modellen legg vekt på at teama i kritiske fasar skal kunne tilby tettare oppfølging for å førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast igjen, og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon. Når nokon har behov for tettare oppfølging, skal teamet respondere raskt. 

 

Teamet skal mellom anna sørge for at: 

  • Psykiatar eller psykologspesialist vurderer pasienten innan kort tid, om nødvendig i heimen til pasienten 
  • Kriseplan blir oppdatert og sett i verk 
  • Om nødvendig vil alle i teamet vere involvert, for eksempel ved heimebesøk 
  • Behovet for andre tenester blir vurdert 

  

Etter at situasjonen har stabilisert seg, tar teamet saman avgjerda om å redusere kontaktintensiteten og overføre ansvaret for vidare oppfølging og behandling til primærbehandlar i FACT-teamet. 

FACT-modellen legg vekt på kontinuitet i behandlinga, og at pasientane skal kunne få oppfølging over lang tid om dei treng det. Behandlingstilbodet er individuelt tilrettelagt med vekt på fleksibilitet. Oppsøkande verksemd, det vil seie at pasientane skal kunne få hjelp der han / ho bur eller oppheld seg, står sentralt i modellen. 

Modellen krev også tett samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, sosialtenesta og andre offentlege instansar. 

 

Målgruppe for FACT- teamet:

Personar over 18 år som har ein psykoseliding innan schizofrenispekteret (jf. ICD-10: F20-29), eventuelt indikasjonar på at ein slik diagnose kan føreligge. 

 

Informasjon til tilvisande lege eller andre instansar:
Det er lege eller psykolog som må skrive tilvisinga, som bør innehalde følgande:

 
  • Diagnose, sjukehistorie og eventuelle tilleggsopplysningar
  • Tidlegare tiltak og behandlingsopplegg, samt erfaringar og resultat av desse
  • Pasientens ressursar, målsettingar og ønske for vidare behandlingstilbod
  • Kva tilvisar ønskar at FACT-teamet skal bidra med

 
Tilvisinga sendast til:

 
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS
Kronstad psykosepoliklinikk
Postboks 1400
5021 Bergen

 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kronstad DPS.

Logg inn for å endre time

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

Praktisk informasjon

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient