Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kapittel om tics og Tourettes syndrom i Psykofarmakaveilederen for BUP

Psykofarmakaveilederen for BUP (NKPBU) har fått eit eige kapittel om tics og Tourettes syndrom. Her finn du informasjon om når og korleis legemiddelbehandling kan vera aktuelt for barn og unge.

Publisert 18.11.2026
Kapitlet om tics og Tourettes syndrom i Psykofarmakaveilederen for BUP (NKPBU) på Metodebok.

Det er no publisert eit eige kapittel om tics og Tourettes syndrom i Psykofarmakaveilederen for BUP (NKPBU).

Kapitlet handlar om legemiddelbehandling ved tics og Tourettes syndrom hos barn og unge. Det gir informasjon som kan vera nyttig når ein skal vurdera når og korleis medikamentell behandling kan vera aktuelt.

Tics og Tourettes syndrom kan ha svært ulik alvorsgrad og påverka fungeringa til barn og unge på ulike måtar. Behandlingsbehovet må difor vurderast individuelt, mellom anna ut frå kor alvorlege ticssymptoma er, funksjon og livskvalitet. Når ein vurderer legemiddelbehandling, er det òg viktig å ta omsyn til om det samtidig ligg føre andre vanskar og tilstandar.

Kapitlet er tilgjengeleg som ein del av Psykofarmakaveilederen for BUP (NKPBU) på Metodebok.