Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prosjekt: Forstyrra spising hjå barn med autisme

Verktøykasse for forstyrra spising hjå barn med autisme

Forstyrra spising hjå barn med autisme er ei kjend problemstilling. Måltid handlar ofte om meir enn mat. Vi sit saman, snakkar og deler smaksopplevingar. Dette er nettopp område der mange barn med autisme strevar, og vanskane går ofte ikkje over av seg sjølve. For både foreldre og personale i barnehage og skule kan spisevanskar bli ei stor belastning.

Publisert 16.12.2025
Eit barn som ikkje vil ete maten som står på bordet.

Illustrasjon: Colourbox

Forstyrra spising er ofte samansett og krevjande, og kan vere ei stor belastning både for foreldre og for personale i barnehage og skule.

Prosjektet «Forstyrret spising hjå barn med autisme» er utvikla av Mona Sjursæther Nordbye, spesialpedagog ved BUP Fana, og Gunhild Kvame Tveite, rådgjevar i PPT Voss. Målet er å gi ei samla rettleiing i korleis ein kan forstå og hjelpe barn med spisevanskar i samanheng med autismediagnose, både for pårørande og fagpersonar.

Verktøykassa gir fagleg innsikt og viser korleis stress, autisme og måltid heng saman. Ho gir også praktisk informasjon til pasientar, pårørande og helsepersonell. Klikk på lenka under for å opne verktøykassa.