Ny brosjyre om ARFID og selektive spisevanskar
Brosjyren «Når mat blir vanskeleg» forklarer kva ARFID og selektive spisevanskar er, og kva som kan hjelpa. Du finn han på nettressursen vår om forstyrra spising hos barn med autisme.
Publisert 26.10.2026

Det er vanleg at barn og unge er kresne i periodar. For nokre blir spisevanskane meir omfattande og varige. Brosjyren tek mellom anna opp korleis vanskane kan opplevast, kva dei kan bety sosialt, korleis ARFID skil seg frå anoreksi, og når det kan vera lurt å søkja hjelp.
Brosjyren er ein del av nettressursen frå prosjektet «Forstyrret spising hos barn med autisme», som er utvikla av Mona Sjursæther Nordbye og Gunhild Kvame Tveite. Du finn han både på sidene for helsepersonell og på sidene for foreldre.