Informasjonsside «Kort og godt om Tourettes syndrom»
«Kort og godt om Tourettes syndrom» er eit psykoedukativt opplæringsprogram som kombinerer opplæring og utviklingsstøttande samtale.

Illustrasjon: Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom Helse Midt
Om programmet
Programmet er utarbeidd med tanke på å sikra personar med Tourettes syndrom ei grundig opplæring i diagnosen sin, på ein konkret og visuell måte. Opplæringsprogrammet vil kunna sikra pasientar mest mogleg lik psykoedukasjon, uavhengig av klinikk eller behandlar.
Opplæringsprogrammet kombinerer generell opplæring om diagnosen med eit meir individbasert fokus gjennom drøftingsoppgåver og aktivitetsark. Programmet er utvikla som ein nettressurs som alle som ønskjer det, kan nytta kostnadsfritt. Det vil vera mogleg å skriva ut innhaldet i nettressursen og nytta opplæringsprogrammet som fysisk materiell.
Opplæringsprogrammet inneheld ulike tema som tek for seg relevante sider ved Tourettes syndrom. Til kvart tema følgjer det med støtteark til behandlaren, der ein finn informasjon som kan formidlast i timen. Pasienten får på si side sjå ulike illustrasjonar gjennom opplæringa, som er knytte til dei ulike temaa ein snakkar om. Illustrasjonane skal gje visuell støtte til informasjonen som blir formidla, og skapa rom for refleksjon og drøfting rundt kvardagslege problemstillingar.
Gjennom opplæringsprogrammet blir ein presentert for ulike aktivitetsark som skal fyllast ut. Her kan generell kunnskap om diagnosen overførast til pasienten sine eigne opplevingar og erfaringar.
Navn
Bente Knutsen
Spesialist i klinisk pedagogikk
Bente Knutsen er spesialist i klinisk pedagogikk og har utvikla konseptet «Kort og Godt om». Til no inkluderer dette opplæringsprogramma «Kort & Godt om ADHD» og «Kort & Godt om Tourettes syndrom og andre ticstilstandar». Opplæringsprogramma har som føremål å gje persontilpassa psykoedukasjon etter at diagnosen er sett i spesialisthelsetenesta.