Young DIVA-5 – strukturert intervju for ADHD-utgreiing hos barn og unge
Young DIVA-5 er eit strukturert klinisk intervju utvikla for utgreiing av ADHD hos barn og unge i alderen 5–17 år. Intervjuet er basert på DSM-5-kriteria og samsvarer med tilrådingane i den norske retningslinja for utgreiing av ADHD/hyperkinetisk forstyrring.

Den norske versjonen av Young DIVA-5 er no tilgjengeleg. Omsetjinga frå engelsk til norsk er utført av Mats Fredriksen MD PhD og Nina Stenberg PhD ved Regional kompetanseteneste for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Sør-Øst, Michael B. Lensing PhD ved NevSom, og Heike Eichele MD PhD ved Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Vest.
Om intervjuet
Intervjuet gir ei grundig vurdering av dei 18 kjernesymptoma på ADHD, med konkrete og realistiske døme som bidreg til presis symptomkartlegging.
Det undersøker korleis symptoma påverkar fem sentrale livsområde: heime, skule/studiar, relasjonar og familieliv, sosiale kontaktar, fritid og sjølvbilete.
For å sikre ei mest mogleg fullstendig vurdering blir det tilrådd at intervjuet blir gjennomført saman med ein forelder eller eit anna familiemedlem, slik at ein òg får med retrospektiv og supplerande informasjon. Gjennomføringstida er vanlegvis rundt éin time.
Young DIVA-5 fokuserer utelukkande på kjernesymptoma ved ADHD.
Sidan komorbiditet er vanleg hos barn og unge med ADHD, blir det tilrådd at intervjuet inngår i ei breiare psykiatrisk vurdering.
Vanlege tilleggsvanskar som bør kartleggjast, inkluderer åtferdsforstyrringar, angst, depresjon, rusproblem, sosiale kommunikasjonsvanskar og lærevanskar, for å kunne stille ei korrekt diagnose og utelukke andre psykiske lidingar som kan gi ADHD-liknande symptom.
Tilgjenge og webinar
Den norske versjonen av Young DIVA-5 er tilgjengeleg via DIVA Foundation og kan kjøpast for 10 euro på divacenter.eu:
https://www.divacenter.eu/products/young-diva-5/norwegian-3/
Det blir planlagt eit innføringswebinar om bruk av Young DIVA-5.
Meir informasjon om tidspunkt og påmelding vil bli gjort tilgjengeleg på nettsidene våre seinare.