RFM gir tilbod om konsultasjon i pasientsaker i Helse Vest
Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest (RFM) gir tilbod om konsultasjon i pasientsaker for barn, unge og vaksne.
RFM tilbyr drøfting av pasientsaker og rettleiing til behandlarar der det er utfordringar knytte til diagnostisering og/eller behandling av autisme, ADHD og/eller Tourettes syndrom. Saker kan meldast inn av pasientansvarlege i spesialisthelsetenesta i alle helseføretaka i Helse Vest.
Faste medlemmer i konsultasjonsteamet
- Lege/ph.d. Heike Eichele
- Psykologspesialist i klinisk nevropsykologi/ph.d. Helene Barone
- Seksjonsleiar RFM, klinisk vernepleiar med master Unni Sagstad
Arbeidsmåte
Teamet tilbyr saksdrøftingar basert på anonymisert pasientinformasjon. Saksansvaret, og ansvaret for eventuell dokumentasjon, ligg hjå den som har pasientansvaret i saka. Pasientansvarleg kan sjølv møte opp i møtet eller drøfte saka med teamet på telefon eller Teams.
Korleis få ei sak teken opp i teamet
Ønske om konsultasjon kan meldast til Unni Sagstad på telefon 958 90 568 eller 971 74 943, eller på e-post til post.rfm@helse-bergen.no med beskjed om at du ønskjer kontakt for drøfting. Ikkje send pasientopplysningar på e-post. Utfyllande informasjon må du gi i ein telefonsamtale.
I samtalen avklarer de kva form saksdrøftinga skal ha:
- møte på Teams eller telefon
- pasientansvarleg møter opp på avtalt tid
- behov for anna kompetanse: RFM kan hente inn andre fagpersonar i enkeltsaker dersom RFM vurderer at det trengst
Konsultasjon
Før konsultasjonen bør du førebu deg ved å gå gjennom sjekklista under og hente inn dei opplysningane som manglar. Sjekklista er ei hjelp i førebuinga og skal ikkje sendast inn.
Kontakt
Har du spørsmål eller vil ta kontakt, kan du vende deg til:
Navn
Unni Sagstad
Seksjonsleiar Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest
unni