Tid og stad
Fagdagen handlar om tidleg oppdaging av psykisk sjukdom hos barn og ungdom med utviklingshemming med eller utan autisme. Kva veit vi om psykisk helse, kva fremjar god psykisk helse og korleis tilretteleggje og førebyggje?
Om forelesar og tema
Kjersti Karlsen er psykologspesialist med klinisk fordjuping med barn og ungdom som jobbar i Nasjonalt kompetanseteneste for utviklingshemming og psykisk liding (NKUP). Ho vil førelese om tidleg oppdaging av psykiske lidingar hos barn og ungdom med utviklingshemming med eller utan autisme. Det vil òg leggjast til rette for workshop for å drøfte praksisnære kasus med støtte frå fasilitatorar.
Målgruppe
Hovudmålgruppe er avdelingsleiarar, miljøterapeutar, spesialpedagogar i skule og avlastingstilbod, tilsette ved PPT, BUP, samt koordinatorar i kommunane. Fagdagen kan vere aktuell òg for kommunal helseteneste, brukarorganisasjonar og andre interesserte.
Arrangør:
Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest inviterer til fagdag i samarbeid med Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) og Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) i Helse Bergen