Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Fra synlighetslogikk til fortolkningskompetanse

Frå synlegheitslogikk til fortolkingskompetanse – eit omgrepsapparat for profesjonsfagleg forståing av autistisk fungering, kommunikasjon og støttebehov

19.
oktober
2026
  1. 19. okt. 2026, 14:00 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 19. okt. 2026, 14:00 - 15:00
Arrangør
Webinaret arrangeres av Det regionale fagmiljøet for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Midt, Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest og Regionalt kunnskapssenter for habilitering
Kvar
Webinar
Påmelding
Påmelding

Målgruppe

Målgruppa er fagpersoner i spesialisthelsetjenestene og andre som er interessert i tema. 

Webinaret er gratis. 

Det gjøres ikke opptak av webinaret.

Om webinaret

Marte Oline Dalmo vil på dette webinaret først presentere synlegheitslogikk som eit omgrep for å forstå problemet, altså korleis autistiske behov ofte blir vurderte ut frå kva profesjonelle system klarer å sjå og kjenne att som legitimt. 

Deretter presenterer ho funn frå si oppfølgjande forsking om fortolkingskompetanse, forstått som ein mogleg motmekanisme mot synlegheitslogikken.

Med fortolkingskompetanse meiner ein ikkje berre meir kunnskap om autisme, men ei profesjonsfagleg evne til å bli bevisst på korleis vurderingar av autistisk åtferd, kommunikasjon, fungering og støttebehov blir forma.

Det handlar om overgangen frå observasjon til konklusjon: Når blir ro tolka som meistring? Når blir verbal styrke tolka som lågt støttebehov? Når blir tilbaketrekking, låsing, intensitet eller annleis kommunikasjon tolka som motstand, umodenheit, låg motivasjon eller dårleg fungering? Fortolkingskompetanse handlar dermed om å styrkje fagpersonars evne til å vurdere autistiske behov utan å gjere synleg fungering til bevis på fråvær av behov, eller synleg autistisk uttrykk til bevis på svikt.

En person med langt hår

Marte Dalmo

Forskar, lærar og forfattar, med mastergrad i spesialpedagogikk

Marte Dalmo er autistisk forskar, lærar og forfattar, med mastergrad i spesialpedagogikk. Ho forskar på autistisk maskering, støttebehov og profesjonell fortolking av autistisk fungering i skule, NAV, høgare utdanning og helsevesen. I forskinga si har ho utvikla omgrepet synlegheitslogikk, som skildrar korleis støttebehov både kan bli undervurderte når autistar står fram med høg ytre fungering, og feiltolka når vanskar blir synlege på måtar systema oppfattar som motstand, låg motivasjon eller problemåtferd.