Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med oppgitt person i din region nederst på sida.
Tid og stad
- Arrangør
- Arrangeres av dei fire regionale einingane for autisme, ADHD og Tourettes syndrom. Påmeldingslenkje kjem snart. RKT Helse Sør Øst RFM Helse Vest RFM Helse Midt R-FAAT Helse Nord Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med oppgitt person i din region nederst på sida.

Manualbasert gruppebehandling for vaksne med ADHD
Kursavgift kr. 2.600, -
Målgruppe
Behandlarar med ansvar for utgreiing og oppfølging /behandling av vaksne med ADHD i spesialisthelsetenesta
Rettleiande innhald i opplæringsprogrammet
-
Gjennomgang av det teoretiske grunnlaget og ei innføring i behandlingsmanualen.
-
Om ADHD hos vaksne, behandlingsmetodar (ikkje-medikamentell versus medikamentell; gruppe versus individuell), ei innføring i prinsippa for dialektisk åtferdsterapi (DBT), tilpassingar og effekt hos vaksne med ADHD.
-
Korleis gjennomføre behandlinga, coaching, øvingar i åtferdsanalyse og oppmerksamt nærvær-/mindfulnessøvingar, gruppeøvingar og rollespel med meir.
Førelesarar
- Anne Halmøy, overlege ved Kronstad DPS, Helse Bergen
- Merete Møller, psykiatrisk sjukepleiar/fagutviklingsrådgivar ved DPS Halden – Sarpsborg, Sykehuset Østfold
- Nina Irene Molde, psykiatrisk sjukepleiar, DBT-terapeut og teamleiar i nevroteam ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen
Kursprogram
Eit meir spesifisert kursprogram vil bli sendt ut til påmelde. Etter kurset vil deltakarane bli tilbydde erfaringsutveksling i gruppe (digital gjennomføring). Kurset baserer seg på manualen Psykoterapi for vaksne med ADHD – Kurshaldar som kan bestillast frå Hogrefe.
Ein føresetnad for deltaking på kurset er at deltakarane inngår i eit team med plan om å tilby gruppebehandlinga i eigen klinikk og har skaffa materiellet på førehand. Kurset blir søkt godkjent av Legeforeininga, Psykologforeininga og Sjukepleiarforbundet som meritterande.

«Psykoterapi for voksne med ADHD»