Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Kurs i KONTAKT – Sosial ferdigheitstrening for barn og unge med autisme

Dei regionale kompetansetenestene/fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Sør-Øst, Helse Vest, Helse Midt og Helse Nord arrangerer kurs i: KONTAKT – Eit gruppebasert sosialt ferdigheitstreningsprogram for barn og ungdom med autisme

25.
september
2025
2 dagar
  1. 25. sep. 2025, 09:00 - 16:00
  2. 26. sep. 2025, 09:00 - 16:00
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 25. sep. 2025, 09:00 - 16:00
  2. 26. sep. 2025, 09:00 - 16:00

Kvar

Thon Hotel Slottsparken
Wergelandsveien 5
0167 Oslo

Påmelding

Frist for påmelding: 01. sep. 2025
Påmelding

Kurs for fagpersonar i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta eller PP-tenester som vil starta grupper for barn og unge med autismespektervanskar.  
Delta på kurset og bli ein del av eit internasjonalt anerkjent program for å fremja sosial meistring hos ungdom med autisme!  

KONTAKT er eit forskingsbasert program utvikla for å styrkja sosial kompetanse hos barn og ungdom med autisme. Programmet kombinerer strukturerte gruppesamlingar med praktiske øvingar, og er utvikla for å gje deltakarane verktøy til å meistra sosiale situasjonar og byggja varige relasjonar. Gjennom evidensbaserte metodar vert det lagt vekt på å auka sosial motivasjon, ferdigheiter i sosial kommunikasjon og handtering av sosiale utfordringar.

Kurset er retta mot fagpersonell som arbeider med ungdom med autisme, og som har kunnskap om autismespekteret.

Gjennom to intensive kursdagar får deltakarane opplæring i korleis dei kan gjennomføra KONTAKT-grupper, med vekt på:

Struktur og gjennomføring av gruppemøte
Tilpassing av øvingar til ulike behov
Rettleiing i bruk av rollespel, oppgåver og heimeaktivitetar
Korleis motivera ungdom til aktiv deltaking

Praktisk informasjon:

Pris: 1500,-

Kurshaldarar: Førsteamanuensis Kenneth Larsen, PP-rådgjevar Nina Vetvik, PP-rådgjevar Marcus Hansen

 
 
 

Kontakt