Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Kurs i KONTAKT – Sosial ferdigheitstrening for barn og unge med autisme

KONTAKT er eit forskingsbasert program utvikla for å styrkja sosial kompetanse hos barn og ungdom med autisme. Programmet kombinerer strukturerte gruppesamlingar med praktiske øvingar, og er utvikla for å gje deltakarane verktøy til å meistra sosiale situasjonar og byggja varige relasjonar. Gjennom evidensbaserte metodar vert det lagt vekt på å auka sosial motivasjon, ferdigheiter i sosial kommunikasjon og handtering av sosiale utfordringar.

16.
april
2026
2 dagar
  1. 16. apr. 2026, 09:00 - 16:00
  2. 17. apr. 2025, 09:00 - 16:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 16. apr. 2026, 09:00 - 16:00
  2. 17. apr. 2025, 09:00 - 16:00
Kvar
Digitalt via ZOOM
Påmelding

Frist for påmelding: 01. apr. 2026

Påmelding

Kurset er retta mot fagpersonell i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta eller PP-tenesta som arbeider med ungdom med autisme, og som ønskjer å starta grupper for barn og unge med autismespektervanskar.

Gjennom to intensive kursdagar får deltakarane opplæring i korleis dei kan gjennomføra KONTAKT-grupper, med vekt på:

  1. Struktur og gjennomføring av gruppemøte

  2. Tilpassing av øvingar til ulike behov

  3. Rettleiing i bruk av rollespel, oppgåver og heimeaktivitetar

  4. Korleis motivera ungdom til aktiv deltaking

Delta på kurset og bli ein del av eit internasjonalt anerkjent program for å fremja sosial meistring hos ungdom med autisme!

Praktisk informasjon:
16. og 17. april 2026 kl. 09–16 begge dagar. Kurset vert gjennomført digitalt på ZOOM. Lenkje til pålogging vert sendt ut til påmelde eit par dagar før kurset. Påmeldingsfrist: 1. april 2026. Kurset er gratis!

Kurshaldarar: Førsteamanuensis Kenneth Larsen, PP-rådgjevar Nina Vetvik, PP-rådgjevar Marcus Hansen

Materiellet til KONTAKT kan kjøpast på www.hogrefe.no, gjerne i forkant av kurset.

Kontakt

    Bodil Sjømæling

    Seksjonsleder - Regional kompetansetjeneste for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Sør-Øst

    sjob@ous-hf.no