Tid og stad
- Når
-
- 01. okt. 2026, 14:00 - 15:00
- Arrangør
- Webinaret blir arrangert av Det regionale fagmiljøet for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Midt og Regionalt kunnskapssenter for habilitering i Midt.
- Påmelding
- Påmelding
Målgruppe
Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenestene og andre som er interesserte i tema.
Webinaret er gratis og det blir ikkje gjort opptak av webinaret.
Om
Barn og ungdomar i Noreg har mange miljøgifter i kroppen.
Vi blir eksponerte for ein “cocktail” av kjemikaliar heilt frå starten av livet:
Det er over 16.000 kjemikaliar som blir brukte i plastproduksjon i dag. Over 99% av dei 669 barna i Miljøbiobanken si innsamling i 2016-2017 hadde eit nivå som overskreid det som blir rekna som trygt for plastkjemikaliet bisfenol A (BPA) ifølgje FHI.
Ein fersk NIBIO-studie har funne trifluoreddiksyre (TFA) — ein type PFAS, såkalla “evigheitskjemikalie” — i alle vasskjelder som blei testa. For første gong er det no påvist TFA i blodprøver frå deltakarar i ein norsk studie frå FHI og Örebro universitet. Studien tyder på at PFAS-eksponeringa i Noreg er undervurdert.
I Noreg er nokre grupper meir eksponerte enn andre for nivå av finkorna svevestøv (PM2,5) over luftkvalitetskriteriet, frå 0 % i ei rekkje små kommunar særleg i nord til nær 100 % av befolkninga i Oslo og omegn (Helsedirektoratet, 2026).
Bly er framleis ein helsetrussel i Noreg og finst i dag i blant anna mat, støv og forureina jord. Mattilsynet har gitt råd om at «kvinner som planlegg å bli gravide, gravide, ammande og barn under sju år bør ikkje ete viltkjøtt som kan innehalde bly». Likevel er bruken av blyhaldig ammunisjon framleis tillaten. Plastkjemikaliar, PFAS, luftforureining og bly blant andre miljøgifter, har forsking vist at kan skade hjernehelse.
Kam vil presentere kva forsking har vist om samanhengen mellom tidleg eksponering for miljøgifter og autisme og ADHD.

Kam Sripada
PhD
Kam forskar på korleis miljøgifter – plastpartiklar og -kjemikaliar, tungmetall og EE-avfall blant andre – påverkar hjerneutvikling og helse i lys av sosiale skilnader. Kam jobbar som førsteamanuensis i RFM og RHAB.