Tid og stad
PEGASUS er eit psykoedukativt kursmateriale for vaksne med ADHD og deira nærståande. Kurset er godt eigna som første intervensjon etter diagnostisering.
Kursmaterialet PEGASUS er utvikla ved Karolinska Instituttet av psykologspesialist Tatja Hirvikoski. Kurset har solid forskingsstøtte og er tilpassa norske forhold. Målet med eit PEGASUS-kurs er å auke kunnskapen om ADHD hos den diagnostiserte og hans/hennar nærståande. Forutan å formidle kunnskap er det eit mål å betre relasjonskvaliteten mellom nærståande og personen med ADHD.
Målgruppe
PEGASUS gruppeleiarskurs er retta mot fagpersonar som kan tenkje seg å leie eit PEGASUS-kurs. Dette kan vere psykologar, legar, sjukepleiarar og andre fagpersonar som har interesse for og kunnskap om ADHD.
Pris: 1500,–
Det gjerast merksam på at det er avgrensa med plassar, og berre 10 plassar per helseregion. Ver difor rask med påmeldinga!
Kursprogram
Gruppeleiarskurset går over ein dag. Kurset inneheld førelesingar om:
- Utviklinga av PEGASUS og teorien bak intervensjonen
- Praktisk gjennomføring av PEGASUS-kurs
- Generelle prinsipp og mål for deltakarar på PEGASUS-kurs
Etter avslutta kurs er det eit mål at komande gruppeleiarar har fått:
- Ein grundig introduksjon til behandlingsmetodikken
- Eit godt oversyn over kursprogrammet og kva fagpersonar som må inkluderast
- Innsikt som gjer det mogleg å leie og forelese på eit PEGASUS-kurs med utgangspunkt i manual for kursansvarlege
Kursmateriell
Deltakarane vert tilrådde å kjøpe kursbøkene og ha bla gjennom dei før gruppeleiarskurset. Kursmateriellet består av:
- PEGASUS – Kurs for vaksne med ADHD og deira nærståande. Manual for kursansvarlege (inkl. minnepinne med førelesingar, tilleggsmateriell m.m.)
- PEGASUS kurs for vaksne med ADHD og deira nærståande. Kursbok for kursdeltakarar
Bøkene kan bestillast frå forlaget Hogrefe: http://www.hogrefe.no/
Kurset er godkjent av Psykologforeningen.
Kurset vert arrangert av dei regionale kompetansetenestene/fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Helse Vest, Helse Midt, Helse Nord og Helse Sør-Øst.
Merete Møller
Kursleder og foreleser. Ansvarlig for norsk versjon av PEGASUS Psykiatrisk sykepleier og fagutviklingsrådgiver.