Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fagkurs

Webinar: Foreldreskap og foreldrestress i familiar med barn med autisme

Få innsikt i ny forsking om foreldrestress hos foreldre til små barn med autisme, og del eigne erfaringar med foreldrerettleiing og støtte. Gratis webinar for fagpersonar i spesialisthelsetenesta og kommunane.

25.
november
2026
  1. 25. nov. 2026, 14:00 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 25. nov. 2026, 14:00 - 15:00
Kvar
Påmelde får lenkja til webinaret på e-post.
Påmelding
Påmelding

På dette webinaret vil Gunn Brechan-Skjetne først innleie om forsking på fagfeltet, og så blir det opna for innspel, refleksjonar og erfaringar.

En kvinne som smiler til kameraet

Navn

Gunn Karin Brechan-Skjetne

Universitetslektor/ Stipendiat

Gunn Brechan-Skjetne er stipendiat ved RHAB og forskar på korleis det er å vere foreldre til førskulebarn med autisme. Tema i forskinga er foreldrefungering og foreldrestress i kvardagen.

Stipendiatet er knytt til multisenterstudien ENACT: Enabling parents of children with autism spectrum disorders: a randomized controlled trial of parenting programs, ein foreldrerettleiingsstudie der ein samanliknar effekten av De utrolige åras foreldreprogram for små barn med autisme og eit kurstilbod kalla Førstehjelp for foreldre. Studien blir leia av professor Maj-Britt Posserud ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen, og Universitetet i Bergen.

Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenestene, kommunar og andre som er interesserte i temaet.

Webinaret er gratis.

Det blir ikkje gjort opptak av webinaret.

Webinaret blir arrangert av RFM og RHAB.