Tid og stad
- Når
-
- 24. nov. 2026, 14:00 - 15:00
- Arrangør
- RFM Midt og RFM Vest
- Kvar
- Digitalt på Teams
- Påmelding
- Påmelding
Om NEUROLIFE-studien
På webinaret presenterer Anne Kielland Fafo-studien NEUROLIFE, som kartlegg erfaringar med og perspektiv på levekår, deltaking og offentlege tenester hos ungdom og unge vaksne med nevroutviklingsdiagnosar (ADHD, autisme og Tourettes syndrom). Ho legg hovudvekta på funn som er knytte til skulefråvær og frykt for skulen.
Funn frå undersøkinga
Resultata viser at meir enn halvparten har opplevd periodar med høgt ufrivillig skulefråvær, og av desse fall éin av fem heilt ut av skulen. Nesten halvparten hadde hatt periodar der dei ofte grua seg til å gå på skulen, og ein tredjedel grua seg tidvis. Undersøkinga viser dessutan at erfaringar med ufrivillig skulefråvær heng tett saman med alle standardmåla for dårleg livskvalitet. Etter opplæringslova har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø, og det er difor viktig å styrkja merksemda om behova til desse ungdommane. Som Kielland seier til forskning.no: "At så mange i denne gruppa gruar seg til å gå på skulen, er alvorleg."

Navn
Anne Kielland
Barneforskar, tilknytt forskingsgruppa Velferd og levekår
Anne Kielland arbeider med prosjekt for utsette grupper i Noreg, som ME-sjuke og nevrodiverse ungdommar og unge vaksne. Arbeidsområda hennar er internasjonal utdanning og barn som ikkje går på skulen, vern av barn, barn som lever med funksjonsnedsetjingar, sårbarheit hos barn, barnearbeid, barnemobilitet, barnemigrasjon, barn i menneskehandel og sosiale tilpassingsstrategiar i sårbare familiar.
Målgruppe
Målgruppa er fagpersonar i spesialisthelsetenesta som arbeider med autisme, ADHD og Tourettes syndrom, og andre som er interesserte i temaet.
Påmelding
Webinaret er gratis, og du melder deg på via påmeldingsskjemaet. Det blir ikkje gjort opptak av webinaret.
Arrangørar
Webinaret blir arrangert av Dei regionale fagmiljøa for autisme, ADHD og Tourettes syndrom i Vest og Midt.
Dette er eitt av fleire webinar om ADHD. Følg med på nettsidene våre for informasjon om komande webinar.