Tid og stad
Om kurset
Comprehensive Behavioral Intervention for Tics (CBIT) er den best dokumenterte ikkje-farmakologiske behandlinga ved tics, og blir tilrådd som førsteval. CBIT inkluderer tics-kontrollerande trening (HRT), avspenningstrening og tiltak for å identifisere situasjonar som påverkar tics.
Kurset går over to dagar:
21.–22. september 2026
- Dag 1 er open for alle behandlarar som møter barn, unge eller vaksne med tics
- Dag 2 er særleg retta mot behandlarar i OCD-team, eller andre som skal ha/har spisskompetanse i HRT, og som ønskjer å kombinere HRT med ERP
Program
Kursavgift
Kursavgifta er kr 300 (inkluderer begge dagar. Det er ikkje mogleg å delta berre dag 2)
Kursavgifta blir betalt ved påmelding. Det blir ikkje sendt faktura. Stadfesting frå deltager.no kan nyttast for refusjon frå arbeidsgivar.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 1. september 2026
Avgrensa tal på plassar – påmeldinga blir stengd når kurset er fullteikna.
Godkjenning:
Kurset blir søkt godkjent av Legeforeningen, Psykologforeningen og Sykepleierforbundet.
Kurshaldarar
- Heike Eichele, lege, Regionalt fagmiljø Helse Vest
- Vilde Johnsen Siverts, psykologspesialist, BUP Øyane
- Maren Aagaard Sjøøsten, psykolog, BUP Øyane