Regionalt senter for hørsel og psykisk helse

Tilbod for barn og unge

Målgruppe

  • Høyrselshemma, både døve og tunghøyrde, barn og ungdom med psykiske vanskar
  • I enkelte tilfelle kan og nære pårørande til personer med høyrselshemming få tilbod

Tenester på senteret

Senteret tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge i målgruppa. Etter behovsvurdering kan senteret tilby individuelle samtalar med barn og unge, familiesamtalar, ulike typar terapi, og dessutan nettverksarbeid med til døme skole, barnehage og andre samarbeidspartnarar. Senteret vil tilby utoverretta tenester mot heimstaden til barna.

Kommunikasjon med pasientane

Tenestene blir gjeve i størst mogleg grad ved hjelp av den kommunikasjonsforma som pasienten føretrekkjer. Det kan være teiknspråk, teikn til tale, bruk av tolk og bruk av tekniske hjelpemidlar.

Vi hjelper også samarbeidspartnare i forhold til barn og unge med høyrselshemming. Dette kan mellom anna vere:

  • Hjelp med utreiing og behandling av hørselshemma pasientar.
  • Råd der psykiske vanskar er relatert til høyrselshemming.
  • Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse (NBSPH) i Oslo vil bli involvert i saker der utvida kompetanse trengs.

Tilvising

Senteret tar imot tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar. Tilvising kan bli drøfta med NBSPH for å sikre hjelp frå rett instans.
Følgande informasjon er ønskeleg ved tilvising:

  • Ei orientering om kva ein ønskjer hjelp til
  • Bakgrunnen for problemet
  • Audiogram

 

Postadresse barn og unge:

Haukeland universitetssjukehus

BUP Fana

Regionalt senter for hørsel og psykisk helse

Postboks 1400

5021 Bergen

 

Kontaktperson: Ingebjørg Hynne, psykolog

E-post: ingebjorg.hynne@helse-bergen.no

Telefon: 55 97 80 00 | 90 26 63 97

Sist oppdatert 14.11.2024