Bli med inn i nye Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
I dag blir det nye psykiatriske akuttmottaket (PAM) tatt i bruk, etter 16 månader med ombygging. Tysdag vart mottaket offisielt opna med talar og omvising for tilsette, samarbeidspartnarar og presse.

Lukta av nytt møter oss idet vi går inn i dei ombygde lokala. Veggane er måla i lyse, roande fargar, pryda med bilete av natur og kjende stader frå Bergen. Dei breie korridorane gir ei open og luftig kjensle. Ingen stolar står aleine – alt er lagt til rette for samarbeid og samtalar.
– Dette er heilt fantastisk og eit stort løft for både pasientar, pårørande og tilsette, seier Solveig Bartun Rob, erfaringskonsulent i Helse Bergen. Ho har sjølv erfaring med innlegging på PAM og legg spesielt merke til to viktige endringar:
Dei runde, klare vindauga frå gangane til sengeromma er erstatta med regulerbar skjerming, som dei tilsette kan styre. Samstundes er dei uklare glasplatene, som tidlegare vart brukte som spegel, bytta ut med solide, klare spegel på kvart bad.
– Her blir pasientane møtte med respekt. Tidlegare kunne ein kjenne seg innestengd, men no kan ein få kjensla av å bli godt ivareteken, seier Rob.

Stine Hope Spjeld er einig. Ho er leiar for Erfaringspanelet for psykisk helse og rus og representerer medlemene i panelet.
– Det har blitt så lyst og ope, og lokala er no tilpassa pasientane. Eg er spesielt glad for at pasientane kan få seg litt frisk luft ute på utebalkongen medan dei er innlagde her. Det kunne dei ikkje før, seier Spjeld under omvisinga.
Fleire etapper
Klinikkdirektør Brede Aasen og avdelingssjef for PAM, Merethe Fosse, er glade for dei positive tilbakemeldingane frå gjestene under omvisinga. Under den offisielle opninga tysdag fortalde dei om ein omfattande ombyggingsprosess som har gått føre seg samtidig med full drift. For å oppretthalde akuttberedskapen har flyttinga og ombygginga blitt gjennomført i fleire etappar.
No er siste etappe fullført, og dei to akuttpostane er igjen samla i same bygg.
Bakgrunnen for ombygginga var Helsetilsynet si vurdering av PAM i 2023. Ei av hovudkonklusjonane i tilsynsrapporten var at skjermingslokala ikkje var utforma og utstyrt på ein måte som sikra forsvarleg helsehjelp.
– Med denne ombygginga har Helse Bergen sørgt for at skjermingslokala i PAM no oppfyller krava. Alle pasientrom er totalrenoverte med lett tilgang til TV-stove, spiserom og frisk luft. Dei fysiske forholda skapar eit trygt og helsefremjande miljø, seier Brede Aasen.
Sjå bilder frå omvisning og offisiell opning av nye PAM:
Fakta om Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagt tvungent psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst.
På sengepostane får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg. Hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.