Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ove Vestheim takkar av som leiar av Erfaringspanelet

Ove Vestheim er rådgjevar ved Bjørgvin DPS, og takkar for seg etter snart ni år leiar av Erfaringspanel psykisk helse og rus i Helse Bergen.

Publisert 04.06.2024
Sist oppdatert 06.06.2024
En mann med briller
Ove Vestheim. Foto: Ann-Kristin Loodtz

Hans Olav Instefjord, divisjonsdirektør psykisk helsevern, roser arbeidet som Vestheim har gjort.   

– Erfaringspanelet har utvikla seg til å bli ein viktig kraft i utviklinga av psykisk helsevern. Ove Vestheim har med si leiing bidrege til at relevante problemstillinger er satt på dagsorden i panelet, og ikkje minst sikra at medlemmene i panelet har blitt aktive deltakere i våre utviklingsprosjekter, innan forskning og i dialogmøter med leiinga, seier Instefjord. 

Navn: Ove Vestheim  

Avdeling og rolle: Rådgjevar ved Bjørgvin DPS, og avtroppande leiar av Erfaringspanel psykisk helse og rus i Helse Bergen 

Etter fleire år som leiar for Erfaringspanelet, kva ser du tilbake på?   

Eg ser tilbake på mange innholdsrike år. Brukarrepresentantene, på rundt 18 personar, har blitt sett og hørt, og fleire i panelet har deltatt i prosjekter og oppgåver for Helse Bergen. Panelet har hatt stor påverknad for behandlingstilbodet innan psykiatri og rus. Alle i panelet har ulik bakgrunn, og det har vore god fordeling mellom ulike diagnoser. Nokon er bipolar, nokon har angst eller depresjonar, mens andre har utfordringar med rus. I panelet er det og folk med pårørande-erfaring. Det har vore ei glede for meg å vere leiar for dette panelet. 

Korleis har ein vanlig arbeidsdag vore for deg som leiar av Erfaringspanelet?  

Min oppgåve har vore å kalle inn og koordinere møtene. Sakslista på møtene heng sammen med prosjekter der det er viktig å få fram brukerstemma. Vi må og gjere vurdering på kva for brukarstemmer som bør vere i dei ulike prosjektene. 

Det hender og at vi kaller inn samarbeidspartnare som for eksempel fylkeslege og tilhørende kommunar. Vi har holdt ein del innlegg og presentasjonar, både internt og eksternt. Eg med fleire har og stilt opp i medie-saker som har vært viktige for Helse Bergen.  

Kven tek over som leiar etter deg?  

Ny leiar er ikkje vald enno, men panelet skal sjølv velge ny leiar i juni 2024.   

Kva er det beste med å jobbe i Helse Bergen?  

Møtet med alle menneska har stor verdi for meg. Eg ser at tilsette i Helse Bergen gjer ein heilt fantastisk innsats for at vi skal ha eit bra helsevesen. Sjølv om helsevesenet får ein del negative tilbakemeldingar, har eg som pasient blitt møtt med respekt og stadig fått spørsmålet: "kva er viktig for deg?". Då ser ein heile mennesket, ikkje berre diagnosen. Eg har lytta til dei gode hjelperane for å kunne leggje alle brikkene i livet på plass. Som pasient er det og viktig å følgje det tempoet ein treng å bruke, og å ta høgde for at ting ikkje alltid går på sporet. Med slike erfaringar har det vore veldig kjekt å få påvirke systemet.

Vi takkar Ove Vestheim for praten, og om du vil høyre fleire kloke tanker frå Vestheim, kan du høre to podkast-opptak:  

Klokt om livet, utgitt av Helse Bergen, episode 12.  
Ove Vestheim - Klokt om livet | Acast 

Utenfor, men innenfor, utgitt av Parkinsonforeningen, episode 15.  
https://bit.ly/UttaforMenInnaforEpisode15-2024