Seminar 6. juni 2025
Bli med på pårørandeseminar om spiseforstyrringar- no kan du også delta digitalt
Vi veit at det å jobbe seg ut av ei spiseforstyrring er ein tøff prosess som kan ta lang tid. Pårørande kan ofte kjenne seg usikre på korleis dei best kan støtte sine nære i denne situasjonen. Derfor inviterer vi til eit heildags seminar. For første gong er det også mogleg å vere med digitalt på første del av seminaret.

Det er Regional avdeling spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus som arrangerer seminaret i samarbeid med Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS). Seminaret går over ein dag og er meint for forelder, søsken og andre pårørande av personar med spiseforstyrringar.
På første del av dagen vil det vere innlegg av fagfolk på følgande tema:
- Kva funksjon har ei spiseforstyrring?
- Kjensler ved spiseforstyrringar -korleis kan vi som pårørande forstå og handtere kjenslene?
I gruppesamtalane vil tema vere:
- Presentasjon av ROS, senteret for spiseforstyrringar i Vestland
- Møte med personar med eigenerfaring
- Motivasjon til forandring, kva kan pårørande gjere?
Seminaret er gratis.
For deltakarar på Lærings- og meistringssenteret er lunsj inkludert. Det er viktig at du skriv i påmeldinga om du treng spesiell kost eller har allergiar.
Tid: Fredag 6. juni 2025, kl. 09.00 – 15.00
Stad: Lærings- og meistringssenteret, Ulriksdal 2, 4.etg.
Meld deg på innan 29. mai til:
ROS Vestland: Tlf. 94817818 (innval 2) /e-post: bergen@nettros.no
Informer oss om du ønsker fysisk eller digital deltaking. Ved digital deltaking vil du få ei lenke etter påmelding.