Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sparer tid og pengar gjennom avtale med politiet

I februar i år vart det inngått ein samarbeidsavtale mellom Vest politidistrikt og Helse Bergen, Klinikk tryggingspsykiatri. No er gjennomføring av avtalen evaluert.

Publisert 07.06.2024

– Avtalen går ut på at politiet vender seg til Klinikk tryggingspsykiatri når det er behov for å gjennomføre ein prejudisiell observasjon* av ein person som arrestert, sikta eller tiltalt for eit kriminelt forhold, forklarer Frøydis Haugan som er direktør ved Klinikk tryggingspsykiatri.

I Noreg har rettspsykiatri i stor grad vore driven at privatpraktiserande psykiatrar og psykologspesialistar, sjølv om det ligg i mandatet til offentleg helsevesen. I 2018 starta Oslo universitetssjukehus eit prejudisielt team som gjennomfører dei prejudisielle observasjonane.

– Dette har vi vorte inspirerte av, slik at vi i vinter starta tilsvarande praksis her i Bergen saman med Vest politidistrikt. Politiet betaler Helse Bergen for tenesta og dekkjer dermed kostnader knytt til tenesta, seier Haugan.  

Etablert team  

Klinikk Sikkerhetspsykiatri har no etablert eit team på seks personar som gjennomfører dei prejudisielle observasjonane. Det består av tre psykiatrar og tre psykologspesialistar.   
  
Hilde Therese Johansen er ein av psykologspesialistane som inngår i teamet. Ho fortel at dei gjennomfører om lag ein observasjon i veka, og at prosessen ved vurdering av observant er ganske standardisert.  

– Først gjer politiet ei vurdering på om den tiltalte tilreknelegheita si bør vurderast. Her er politiet veldig profesjonelle og fyller ut saksdokument dersom dei meiner at vi bør gjere ei vurdering. Dokumenta blir sende til Helse Bergen, og vi kan førebu oss godt til møta. Det første vi gjer frå vår side er å ha ein standard-samtale for å nøste i tankane til personen og psykiske helsetilstand. Ut frå saksopplysningar og vår vurdering gir vi ei tilråding på om personen skal ha ein full judisiell observasjon. I sistnemnde tilfelle blir utnemnde to sakkunnige som må gjere meir grundige undersøkingar av vedkommande, fortel Johansen.   

Haustar gode erfaringar  

Begge etatar har gode erfaringar med ny praksis. Janne Ringset Heltne er politiinspektør i Vest politidistrikt. Ho er godt fornøgd med samarbeidsavtalen.   

– Tida frå vi ber om ein prejudisiell observasjon til han er gjennomført har gått betrakteleg ned samanlikna med tidlegare praksis. Dette fører til raskare saksgang i rettssystemet, og påverkar prosessen både for den som er mistenkt og for oss som etterforskar sakene, seier Heltne.  

– Vi reknar også at avtalen er med på å styrkje samhandlinga mellom politiet og tryggingspsykiatrien og det vil fagmiljøa hos begge partar dra nytte av, seier ho.  

For Helse Bergen gir ny praksis og samarbeidsavtalen eit godt høve til å utvikle eit godt fagmiljø innan rettspsykiatri.  

– Gjennom offentleg rettspsykiatri blir det ei god leiingsforankring, og dermed ei god kvalitetssikring av arbeidet. I tillegg vil samarbeidet mellom politi og helsevesen bli styrkt gjennom denne avtalen. Eg har stor tru på at offentleg rettspsykiatri er framtida, avsluttar Frøydis Haugan.

 

* Prejudisiell observasjon betyr at ein gjer ein førebels observasjon. Ei slags screening av observantens psykiske helsetilstand. Dersom den sakkunnige etter å ha lese papira og snakka med den mistenkte, reknar at det er tvil om vedkommande tilreknelegheita si, kan ein tilrå at det blir ein fullstendig observasjon gjord, eit råd politiet ofte følgjer. Viss observanten ikkje er tilrekneleg kan personen ikkje straffast.