Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forbetringsreisa i Psykiatrisk klinikk
Psykiatrisk klinikk er ei av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har om lag 800 tilsette, spesialpolikliniske tenester og 11 sengepostar.
Sidan 2022 har Psykiatrisk klinikk utvikla eit systematisk forbetringssystem basert på modenheitsmodellen frå Helsedirektoratet si rettleiing til forskrifta om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgssektoren. Målet er å byggje ein varig forbetringskultur der alle tilsette deltek, der vi lærer saman og handlar i forkant av hendingar – til det beste for pasientar, pårørande og medarbeidarar.
Forbetringsarbeidet er delt inn i fem steg – frå kompetansebygging til ein berekraftig og integrert forbetringskultur. Kvart steg byggjer vidare på det førre og inneheld konkrete tiltak som styrkjer kvalitet, pasienttryggleik og læringsmiljø.
Her kan du utforske reisa vår steg for steg.
I 2022 starta Psykiatrisk klinikk si forbetringsreise med å byggje kompetanse. Vi erfarte at mykje forbetringsarbeid vart gjennomført tilfeldig og utan ei felles metodisk tilnærming. For å forankre struktur, felles språk og retning fekk alle leiarar eit krasjkurs i forbetringsmetodikk, og alle assisterande seksjonsleiarar vart sende på kurs og vidareutdanning som forbetringsagentar og -rettleiarar ved Helse Vest si forbetringsutdanning.
Vi etablerte forbetringsteam ved kvar sengepost og valde eit felles prosjekt – tidleg oppdaging og rask respons ved forverra somatisk tilstand – som pilot. Det gav oss verdifull erfaring, samhald og ei felles forståing av kva forbetringsarbeid inneber i praksis.
I 2023 tok vi neste steg – frå kompetanse til medverknad. Målet var å involvere fleire i forbetringsarbeidet, både fagpersonell og brukarar. Kvar eining valde sitt eige lokale forbetringsprosjekt, med støtte frå eigne forbetringsagentar og klinikken sitt forbetringssystem.
Klinikken etablerte eit forbetringsårshjul, gjennomførte halvdagsseminar, leverte løypemeldingar til leiargruppa og etablerte "fyrtårnsamlinga" som ein arena for deling og inspirasjon. Brukarmedverknad vart ein integrert del av arbeidet, og fleire prosjekt vart utforma i samarbeid med brukarrepresentantar. Dette styrkte brukarmedverknad, relevans og kvalitet.
I 2024 ønskte vi å sikre at forbetringsarbeid er ein naturleg del av jobben og noko alle tilsette kjenner seg att i. Vi kalla det Eigarskap. Forbetringsarbeid skal vere tydeleg, til stades i kvardagen og opplevast som meiningsfullt for alle yrkesgrupper.
Vi utvikla ein eigen kompetanseplan for forbetring og delte prosjekta inn i to kategoriar: tematiske prosjekt på tvers av klinikken og organisatoriske prosjekt i enkeltseksjonar. Forbetringsarbeid vart sett på agendaen i personalmøte, internundervisning og leiarfora. Vi byrja også å kople forbetringsarbeid saman med forsking og registerarbeid – for å sikre fagleg kvalitet og varig læring.
I 2025 er vi inne i fase 4.0 – der hovudmålet er å utvikle ein varig forbetringskultur i heile organisasjonen. Vi ønskjer å sikre at forbetringsarbeid er ein naturleg og integrert del av den kliniske kvardagen, uavhengig av person, rolle og eining. For å få dette til, har vi definert fem konkrete tiltak som til saman skal styrkje den ønskte kulturen:
Innføring av forbetringsvisitt og bruk av forbetringsnotat
Bruk av systemagentar for drift av forbetringsreisa i alle klinikkar i divisjonen
Eskalering: Etablere nettverk for forbetringsagentar i Divisjon psykisk helsevern og arrangere ei fyrtårnsamling for heile divisjonen
Fokus på psykologisk tryggleik i team og samarbeid gjennom eit eige program for verneombod, leiarar og forbetringsagentar leia av medarbeidarar med KULT-kompetanse
Implementering av kompetanseplanar for forbetringsarbeid
Fase 5.0 er vårt neste utviklingssteg, med planlagt oppstart hausten 2026. Målet er at forbetringsarbeid skal vere fullstendig integrert i drift, leiing og fagutvikling. Det betyr at vi i endå større grad skal:
Handle proaktivt, ikkje berre reagere på hendingar
Kople forbetringsarbeid med risikovurdering og HMS
Gjennomføre systematisk læring på tvers av einingar
Bruke data, forsking og erfaringsdeling til kontinuerleg forbetring
Evaluere og justere forbetringssystemet jamleg
I fase 5.0 skal forbetring vere så godt forankra at det skjer kontinuerleg – ikkje fordi vi må, men fordi det er slik vi jobbar. Vi skal byggje ein lærande organisasjon som er i forkant av utfordringar og som kontinuerleg utviklar seg til det beste for pasientar og medarbeidarar.