Alderspsykiatri tilvisning

Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar over 65 år med komplekse lidingar samansatt av psykiatriske symptom, kognitiv svikt og somatisk sjukdom.

Kvinnelig lege med stetoskop rundt halsen.

Kven kan tilvisast?

  • alvorlege psykiske lidingar debutert etter fylte 65 år
  • demens og alvorlege nevropsykiatriske symptomer (NPS). Alder >65 år er av mindre betyding.
  • uavklart demensdiagnose eller mistanke om kognitiv svikt på nevrodegenerativt grunnlag
  • alvorleg psykiatrisk liding frå tidligare, når samstundes somatisk sjukdom eller høg alder gjer alderspsykiatrien hensiktsmessig

Kven tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling?

I Helse Bergen HF sitt opptaksområde er det to instansar som tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling: Seksjon for alderspsykiatri, Haukeland universitetssjukehus og NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus.

Seksjon for alderspsykiatri vil spesielt ta i mot:

  • Alderspsykiatriske pasientar med omfattande somatisk sjukdom og samstundes behov for bistand frå somatisk spesialisthelseteneste.
  • Alderspsykiatriske pasientar med behov for innlegging og der det er sannsynleg at ECT-behandling vil vere ein del av tilbodet.

Seksjonen kan også kontaktast ved behov for konsultasjon / rådgiving for alderspsykiatriske pasientar som er innlagde ved kommunale institusjonar og samstundes får ECT-behandling.

I tillegg til pasientgruppene over er det ei stor gruppe av dei alderspsykiatriske pasientane som vil få eit like godt tilbod ved begge institusjonane.

Innhald Tilvising for alderspsykiatri (PDF)​ ​

Rettleiar for ​tilvising - alderspsykiatrisk tilbod i Helse Bergen HF sitt opptaksområde (PDF)

NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus

​Pasienten kan søkjast direkte til seksjon med tilvising frå:

  • Fastlege
  • Sjukeheimslege
  • Sjukehusavdelingar og distriktspsykiatriske senter (DPS) i Divisjon psykisk helsevern
  • Somatisk spesialisthelseteneste

Internt i Divisjon psykisk helse gjeld rutinar for sekundærtilvising.

Seksjonen har ikkje øyeblikkeleg-hjelp-funksjon. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp-innlegging i psykisk helsevern bør dette i all hovudsak skje ved døgnpostar i DPS eller eventuelt ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Pasientane blir då overført til Seksjon for alderspsykiatri snarast mogeleg.

Tilvisinga sendast elektronisk eller per post til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Psykiatrisk klinikk
Seksjon for alderspsykiatri
Postboks 1400
5021 Bergen

Sist oppdatert 29.08.2023