Tid og stad
- Når
-
- 14. okt. 2025, 10:00 - 15:00
- 15. okt. 2026, 08:30 - 15:30
- 16. okt. 2026, 08:30 - 15:00
- Kvar
- Hotel Zander K
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 12. aug. 2026
Regional avdeling for spiseforstyrrelser ved Haukeland universitetssjukehus tilbyr årleg utdanning i kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrrelser (CBT-E, Fairburn 2008).
Utdanninga er fortrinnsvis for helsepersonell i spesialisthelsetenesta i Helse Vest.
Om utdanninga
CBT-E er ein evidensbasert behandlingsmetode for spiseforstyrrelser, med dokumentert god effekt for eit breitt spekter av pasientar.
I utdanninga får du:
- innføring i utgreiing av spiseforstyrrelser
- opplæring i førebuing og gjennomføring av behandling med CBT-E
- moglegheit til å drøfte kliniske problemstillingar og få rettleiing
Målet er å styrkje kompetansen i møtet med pasientar med spiseforstyrrelser, slik at behandlinga blir meir målretta og effektiv.
Målgruppe
Utdanninga er aktuell for behandlarar i spesialisthelsetenesta som:
- møter, utreder eller behandlar pasientar med spiseforstyrrelser
- ønskjer å auke sin kompetanse på området
For best utbytte bør deltakarane ha kontakt med pasientar med spiseproblematikk i perioden utdanninga pågår.
Gjennomføring
Utdanninga består av:
- to tredagars samlingar i Bergen
- 9.–11. september 2026
- 14.–16. oktober 2026
- grupperettleiiing: 14 rettleiingar (á 2 timar) i perioden oktober 2026 til sommaren 2027 (digitalt via Join)
Praktisk informasjon
- Utdanninga er gratis
- Arbeidsgivar dekkjer eventuelle kostnader til reise og opphald
- Samlingane blir haldne i Bergen (Zander K Hotel)
- Første dag startar kl. 10, slik at deltakarar kan reise same dag
Fagleg ansvarleg
Undervisning og rettleiing blir gitt av Asle Halvorsen, psykolog med lang erfaring frå behandling av spiseforstyrrelser og ein av landets fremste ekspertar på CBT-E.