Tid og stad
- Når
-
- 27. okt. 2026, 09:30 - 15:45
- Kvar
-
Zander Kaaes gate 6
5015 Bergen
- Terminus Hotel i Bergen.
- Vis adresse i kart
- Påmelding
Fagdag for FBT-terapeutar i poliklinikk
Vi inviterer til fagdag for terapeutar som arbeider med familiebasert behandling (FBT). Fagdagen tek utgangspunkt i tredje utgåve av Treatment Manual for Anorexia Nervosa (Lock & Le Grange), og vil gi fagleg påfyll med vekt på praktisk klinisk arbeid.
Sentrale tema for dagen er:
- progresjon, stagnasjon og kliniske avgjerder i behandling
- intensiv foreldrestøtte: indikasjonar, struktur og gjennomføring
- alliansearbeid med ungdom i dei ulike fasane av FBT
- balansen mellom struktur og fleksibilitet i komplekse behandlingsforløp
Vi får også besøk av Ungdomspanelet i Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS), som deler erfaringar frå behandling med FBT og inviterer til refleksjon og dialog.
Målgruppe
Fagdagen rettar seg primært mot behandlarar i BUP som har gjennomført grunnutdanning i FBT i regi av Kropp og Selvfølelse. Det vil bli arrangert eige kurs for tilsette i sengepost dagen før.
Praktisk informasjon
Deltaking er gratis og finansiert gjennom Samarbeids- og rettleiingsnettverket for barn og unge med spiseforstyrringar. Deltakarar må sjølve dekkje reise og eventuelt opphald.
Det er sett av 30 plassar for BUP-tilsette, fordelte mellom dei fire føretaka. Det er mogleg å stå på venteliste dersom ikkje alle plassane blir nytta.
Foredragshaldar
Ester Marie Espeset, psykologspesialist og ph.d. ved Helse Fonna.
Påmelding
Påmelding skjer via e-post til kroppogselvfolelse@helse-bergen.no innan 1. september 2026.
Merk e-posten med «Påmelding Fagdag FBT 27.10.26».
Gi beskjed om eventuelle allergiar eller andre behov ved påmelding.
Det er sett av 30 plassar for BUP-tilsette, fordelte mellom dei fire føretaka. Dersom ikkje alle plassane blir nytta, vil det vere mogleg å få plass via venteliste.
Program
09.30–10.15
Kva er nytt i 3. utgåve? Sentrale omgrep, tilpassingar og progresjon som klinisk kompass
10.15–10.30
Pause
10.30–11.15
Intensiv foreldrestøtte: indikasjonar, struktur og praktisk gjennomføring ved manglande tidleg respons
11.15–11.30
Pause
11.30–12.15
Foreldresamarbeid: diskusjon av kasuistikk og kliniske erfaringar
12.15–13.00
Lunsj
13.00–14.30
Ungdoms oppleving av FBT ved Ungdomspanelet i ROS – innlegg, refleksjon og dialog
14.30–14.50
Pause
14.50–15.45
Struktur vs. fleksibilitet – å arbeide manualtru i komplekse saker. Tilpassing av FBT ved psykiatrisk komorbiditet, komplekse familiar og krevjande behandlingsforløp