Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Miljøterapi og spiseforstyrrelser – Helse Vest 2026

Kurset gir fagleg påfyll og praktiske verktøy for miljøpersonell og andre faggrupper som arbeider med spiseforstyrringar. Det blir halde av to erfarne fagpersonar frå Dagenheten på Sogn i Oslo, eit av landets fremste fagmiljø innan familiebasert terapi.

Tid og stad

Når
Kurset blir arrangert som dagskurs i veke 5 på følgande tid og stad: Førde 27 januar kl 09.00–15.00, Bergen 28 januar kl 09.00–15.00, Haugesund 29 januar kl 09.00–15.00, Stavanger 30 januar kl 08.00–15.00 (Blu Radisson Hotel, Atlantic)
Arrangør
Samarbeids- og rettleiingsnettverket for barn og unge med spiseforstyrringar i Helse Vest / Kropp og sjølvkjensle. For påmelding, send samla påmelding frå posten til: kroppogselvfolelse@helse-bergen.no Merk e-posten: «Kurs miljøterapi 2026 Fonna» Frist: 01.12.2025 Oppgi ønskja kursdato og aktuelle lokale i påmeldinga.
Kvar
Førde, Bergen, Haugesund, Stavanger

Førde 27 januar kl 09.00–15.00, Bergen 28 januar kl 09.00–15.00, Haugesund 29 januar kl 09.00–15.00, Stavanger 30 januar kl 08.00–15.00 (Blu Radisson Hotel, Atlantic)

Førelesarar:

  • Emily Smart Bakken – Psykologspesialist med brei erfaring frå ungdomspsykiatri og spiseforstyrringar.
  • Kristin Holland – Klinisk sosionom med lang erfaring som miljøterapeut og vidareutdanning i FBT og CBT.

Kurset er primært for miljøpersonell som arbeider med spiseforstyrringar, men også legar, psykologar og nøkkelpersonar frå poliklinikk er velkomne.

Kurset blir halde i eigne lokale.

Lunsj blir dekt med inntil 300 kroner per person.

Kurset er gratis og blir finansiert av nettverket.