Tid og stad
- Når
-
- 24. jan. 2026, 13:00 - 15:00
- Arrangør
- Kristi Thoresen - sjølv pårørande
- Kvar
- Teams. Webinaret varer i 2 timer. Det er lagt inn pause og tid til spørsmål.
FBT (familiebasert behandling) er ei evidensbasert behandlingsform for ungdom med spiseforstyrringar, der familien blir aktivt involvert i heile behandlingsforløpet. Metoden legg vekt på samarbeid mellom fagpersonar og foreldre, slik at dei kan støtte ungdommen i å gjenvinne eit normalt og sunt forhold til mat.
Påmelding: kirsti.thoresen@online
Frist: fredag 23.01.26
Tema:
- Kvifor er mat medisin?
- Vekt og tilfrisking
- Svolt si rolle i tilfrisking
- Verktøy og metodar for å lukkast med FBT
Nokre tilbakemeldingar frå foreldre som har vore med før:
- Gav håp
- Fekk tryggleik for kvifor mat er viktig
- Fekk ei betre forståing av hjernen til den sjuke
- Lettfatteleg og konkret
- Gav motivasjon til å orke å stå løpet heilt ut