Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Foreldrewebinar – FBT: kvifor og korleis

Dette webinaret handlar om FBT (familiebasert behandling), ein metode der foreldra spelar ei sentral rolle i tilfriskinga ved spiseforstyrrelsar. Webinaret er òg nyttig for foreldre som ikkje brukar FBT.

22.
mars
2026
  1. 22. mars 2026, 12:00 - 14:00

Tid og stad

Når
  1. 22. mars 2026, 12:00 - 14:00
Arrangør
Kristi Thoresen - sjølv pårørande
Kvar
Teams. Webinaret varer i 2 timer. Det er lagt inn pause og tid til spørsmål.
Påmelding

Frist for påmelding: 21. mars 2026

FBT (familiebasert behandling) er ei evidensbasert behandlingsform for ungdom med spiseforstyrringar, der familien blir aktivt involvert i heile behandlingsforløpet. Metoden legg vekt på samarbeid mellom fagpersonar og foreldre, slik at dei kan støtte ungdommen i å gjenvinne eit normalt og sunt forhold til mat.

Påmelding: kirsti.thoresen@online

Tema:

  • Kvifor er mat medisin?
  • Vekt og tilfrisking
  • Svolt si rolle i tilfrisking
  • Verktøy og metodar for å lukkast med FBT

Nokre tilbakemeldingar frå foreldre som har vore med før:

  • Gav håp
  • Fekk tryggleik for kvifor mat er viktig
  • Fekk ei betre forståing av hjernen til den sjuke
  • Lettfatteleg og konkret
  • Gav motivasjon til å orke å stå løpet heilt ut